Daniel Defoe (fødd 1657/1661 i London, død 24. april 1731 i London) var ein engelsk forfattar som vart verdskjend på grunn av romanen Robinson Crusoe. Saman med Samuel Richardson er Defoe rekna som grunnleggjar av den engelske romanen.

Daniel Defoe

Statsborgarskap Kongeriket England, Kongeriket Storbritannia
Fødd 1660
Cripplegate, London
Død

24. april 1731 (71 år)
Moorfields

Yrke journalist, romanforfattar, prosaforfatter, barnebokforfattar, pressekontakt, skribent, forretningsdrivande, kommentator, lyrikar, forleggjar
Språk engelsk
Religion Presbyterianisme
Far James Foe
Mor Alice Marsh
Ektefelle Mary Tuffley
Born Benjamin Norton Defoe, Sofia Defoe
Daniel Defoe på Commons
Daniel Defoe

Biografi endre

Daniel Foe var son av slaktaren James Foe og Alice Foe, seinare tilføydde han «De» i namnet og hevda at han var i slekt med De Beau Faux. Faren var medlem av selskapet Butchers' Company, eit handelsselskap med røter tilbake til 975. Foreldra var medlemmar av den presbyterianske dissentarkyrkjelyden, ei protestantisk forsamling som ikkje høyrde til den anglikanske kyrkja. Faren ville at sonen Daniel skulle jobbe innanfor forsamlinga og sende han til Charles Morton's Academy, men han ville ikkje dette sjølv.

I 1684 gifta Foe seg med Mary Tuffley, og med henne fekk han åtte born der seks voks opp. Medgifta hennar på £ 3 700 investerte han i ein strømpehandel, men på grunn av den høge levestandarden sin gjekk han konkurs og gøymde seg for kreditorane i Bristol, der han vart kjend som «the Sunday gentleman», ein søndagsherre, då sundagen var den einaste dag han kunne våge seg ut utan frykt for å bli arrestert. Året etter var han med i opprøret mot kong Jakob II av England, men var heldig nok til å unngå å bli dømt til døden av den frykta dommaren George Jeffreys. Etter at opprøret var over, gøymde han seg på ein kyrkjegard, og fann på ein av gravsteinane namnet Robinson Crusoe. Namnet brukte han seinare i boka som gjorde han berømt.

Foe vart berømt då han skreiv diktet The True Born Englishman i 1701, der han påpeikar det urettferdige i å klandre kong Vilhelm III at han var utlending, når britane sjølv er ei blanding av keltarar, saksarar, piktarar, vikingar og normannarar. Den upopulære «Dutch Billy» var takknemleg for støtta, og lønte Foe med ei innbringande stilling som gjorde han gjeldfri. Foe starta òg ein flisefabrikk, då hollandske fliser var kome på moten. Men så døydde kong Vilhelm - og Foe hadde ikkje lenger nokon vernar.

 
Robinson Crusoe slik han vart teikna i ei svensk utgåve frå 1752

På denne tida byrja han å signere seg som D.Foe, deretter De Foe, etter eit år Daniel De Foe, og som Daniel Defoe debuterte han i 1702, då han skreiv pamfletten The Shortest Way With Dissenters. Etter kongen døydde hadde dei reaksjonære, som vart kalla «high fliers» på grunn av dei høge prinsippa sine, kravd at dissentarar ikkje lenger skulle få tilgjenge til offentlege stillingar. I pamfletten sin foreslo Defoe ironisk at dissentarar burde deporterast eller blir hengt. Mange las pamfletten bokstaveleg, og ein prest hevda at han sette han like høgt som Bibelen. Men det kom ut at skrivet eigenleg var meint som rein satire, og no utsende Parlamentet arrestordre på Defoe for å ha ærekrenkt «dei høgtflygande» ved å framstille dei som blodtørstige villmenn. Han gjekk atter i dekning, men måtte til sist melde seg, og vart i juli 1703 dømt til tre dagar i gapestokk og deretter forvaring. Men no var han vorte enormt populær, og folk stimla saman rundt gapestokken, kasta blomar på han og ropte «Good old Dan!» Han sat éit år i Newgate-fengselet og starta der den første avisa si.

Etter eit halvt år vart Defoe lauslate av dronning Anne mot at han skulle bli Tory-partiet sin skribent og politisk spion. Dette var eit forslag han sjølv var kome med overfor finansminister Robert Harley, som sjølv var den fødde intrigemakar. Inkludert i avtala var moglegvis tidsskriftet The Review som Defoe starta i 1704. Defoe skreiv der om politiske, økonomiske, religiøse og kulturelle emne i dei ni åra tidsskriftet vart utgjeve. Tidsskriftet fekk seinare stor tyding for utviklinga til dei moderne avisene, spesielt for leiarspalta og essayet som middel for folkeopplysning.

Defoe reiste no rundt i riket og bygde opp eit nettverk av agentar. Han la føringar for spionasje: Kvar agent måtte framstå som ein vanleg borgar, og måtte halde seg ukjend for dei andre agentane. Faktisk danna nettverket til Defoe grunnlaget for dagens British Secret Service.[1] Nettverket beviste raskt verdien sin då det spelte ei viktig rolle for samskipnaden av England og Skottland til eitt rike, Storbritannia, i mai 1707.

I mellomtida var flisefabrikken gått konkurs, og i 1710 fall Whig-regjeringa. Defoe måtte no kjapt skifte side og erklærte seg som Tory med den grunngjevinga at han verdsette landet sitt høgare enn politiske prinsipp. Men i 1714 vart Harley avsett på grunn av alkoholisme, og dronning Anne døydde få dagar seinare. Ei Whig-regjering vart no gjeninnsett under kong Georg I, medan Defoe vart fengsela - men lauslaten igjen då han tilbaud tenestene sine som spion. Denne gongen vart han likevel avslørt som dobbeltagent, og dagane hans som spion var over. I staden byrja han forfattarkarrieren sin med å skrive romanen Robinson Crusoe, basert på forteljinga til sjørøvaren Alexander Selkirk, som hadde krangla med piratkapteinen sin og deretter etter eige ynskje vorte landsett på den folketomma øya Juan Fernandez. Først etter fem år vart han oppdaga og redda.

I august 1730, då han var 70 år gammal, forsvann Defoe plutseleg. Kreditorane var etter han igjen. Truleg kunne han betalt dei med inntektene frå dei særs populære bøkene sine. I staden valde han å gå i dekning igjen, og døydde 5. mai 1731 i Ropemaker's Alley, Moorfield, ikkje langt frå gata der han vart fødd.

Forfattarskapen endre

Fram til han døydde skreiv Defoe fleire historiske verk, blant anna ei guidebok over Storbritannia, som var ei viktig reisebok og historisk kjelde i femti år.

I 1719, i ein alder av 60 år, starta han forfattarskapen med debutromanen Robinson Crusoe. Boka blir rekna som den første realistiske romanen i verdslitteraturen, og gjorde han raskt verdskjend. Med denne boka etablerte han ein ny litterær tradisjon kalla robinsonade og var ein viktig inspirasjon for blant anna Jonathan Swift, Robert Louis Stevenson, Jules Verne og William Golding. Seinare kom romanane Captain Singletons (1720), Moll Flanders (1722), A Journal of the Plague Year (1722), Colonel Jack (1723) og mange andre små forteljingar. Desse fekk ikkje den same suksessen som Robinson Crusoe, men alle desse romanane og små historiene fekk ein viktig plass i utviklinga av den moderne romanen. Det litterære språket er rekna som fantastisk og røyndomsnært, noko som skuldast dei unike skildringane hans som inneheldt realistiske detaljar og grundige dokumentasjonar. Med The Review grunnla han òg den første avisa som ikkje berre inneheldt nyhende, men òg kommentarar, og dette gjev han rett til tittelen «den første journalisten».

Den Robinson Crusoe vi møter i moderne utgjevingar, er berre den tredje episoden i det opphavlege verket til Defoe. Dette startar med at Crusoe bles av påstanden til faren om at han bør vere nøgd med den audmjuke plassen sin i samfunnet. Følgjeleg rømmer han heimefrå i voner om å tene seg rik. Snart kjem første åtvaring frå Gud i form av ein storm til sjøs. Då Crusoe overlever denne, kjem andre åtvaring der han faktisk blir teken til fange og selt som slave. Han blir frigjeve, tener seg rik på ein plantasje i Brasil, men då han så investerer i slavehandel, kjem tredje åtvaring i form av det velkjende forliset, der han så vidt reddar seg i land på ein aude øy.[2]

Moralen i romanen kan tolkast som den andelege krisa han gjennomgår på øya, som lærer han å godta lagnaden sin som ei straff for opprøret mot plassen sin i samfunnet, og for å ha ignorert åtvaringane til Gud. Opphaldet vart eit høve til å stadfeste seg sjølv, ved ei einspora vinkling på verda rundt - den gode nytta til ting for han sjølv, verda omgjort til objekt. Isolatet hans blir det typiske uttrykket for den borgarlege lagnaden: sjølvkontroll, metodisk livsførsel, sjølvstende, teknisk oppfinnsamheit og sosial einsemd - eit bilete på samanhengen mellom kapitalisme og puritanisme slik vi møter han i det moderne Vesten. I den ytste konsekvensen sin kan dette lesast som ei gjeninnføring i den protestantiske tekninga av skjærselden, som no kan startast før døden. Til slutt koloniserer han øya med europearar og blir sjølv guvernør, trygt tilbake i Det britiske imperiet.

Verk (utval) endre

 
Robinson Crusoe
 
A Journal of the Plague Year

Romanar endre

  • Robinson Crusoe - norsk omsetjing 1899
    • The life and strange surprising adventures of Robinson Crusoe, of York, mariner (1719)
    • The Further Adventures of Robinson Crusoe (1719)
    • The Serious Reflections of Robinson Crusoe (1720)
  • The Life, Adventures, and Piracies of the Famous Captain Singleton (1720)
  • Memoirs of a Cavalier (1720),
  • The Fortunes and Misfortunes of the Famous Moll Flanders (1722)
  • Colonel Jack (1722)
  • Roxana. The Fortunate Mistress (1724)

Dikt endre

  • The True-Born Englishman (1697)
  • Hymn to the Pillory (1703)

Anna fiksjon endre

  • The Consolidator, or Memoirs of Sundry Transactions from the World in the Moon (1705)
  • A Continuation of the Letters Writ by a Turkish Spy (1718)

Sakprosa endre

  • An Essay upon Projects (1697)
  • The Shortest Way with the Dissenters (1702)
  • The Storm (1704)
  • Appeal to Honour and Justice (1715)
  • The Family Instructor (1715)
  • Minutes of the Negotiations of Monsr. Mesnager (1717)
  • Religious Courtship (1722)
  • A Journal of the Plague Year (1722)
  • The Great Law of Subordination Considered (1724)
  • Everybody's Business is Nobody's Business (1725)
  • The Political History of the Devil (1726)
  • A System of Magick (1726)
  • The Complete English Tradesman (1726)
  • The New Family Instructor (1727)
  • An Essay on the History and Reality of Apparitions (1727)
  • A General History of Discoveries and Improvements (1727)
  • Atlas Maritimus and Commercialis (1728)
  • A tour thro' the Whole Island of Great Britain (1724–27)

Tidsskrift endre

  • A Review of the Affairs of France (1704-13)
  • Mercurius Politicus (1716-20)
  • Manufacturer (1720)
  • The Director (1720-21)

Filmar (utval) endre

  • Pen Densham: Moll Flanders (1996). Med blant anna Morgan Freeman.
  • Rod Hardy og George Miller: Robinson Crusoe (1997). Pierce Brosnan som Robinson Crusoe.

Kjelder endre

  1. Colin Wilson: A Criminal History of Mankind, forlaget Mercury Books, London 1995.
  2. Dietrich Schwanitz: Dannelse, Pax forlag, Oslo 2002.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Daniel Defoe