Robert McNamara

amerikansk bankier

Robert Strange McNamara (9. juni 19166. juli 2009) var ein USA-amerikansk næringsdrivar og politikar, fødd i San Francisco i California. Han var forsvarsminister i USA i tida 1961-68, under presidentane John F. Kennedy og Lyndon B. Johnson. Han hadde ei sentral rolle i opptrappinga av den militære innsatsen til USA i Vietnamkrigen.[1] Deretter var han leiar for Verdsbanken frå 1968 til 1981.[2]

Robert McNamara

Statsborgarskap USA
Fødd 9. juni 1916
San Francisco
Død

6. juli 2009 (93 år)
Washington

Yrke bankier, politikar, skribent, samfunnsøkonom, militær
Språk engelsk
Verv Forsvarsminister i USA
Periode 21. januar 1961–29. februar 1968
Føregangar Thomas S. Gates
Etterfylgjar Clark Clifford
Verv President for Verdsbanken
Periode 1. april 1968–30. juni 1981
Føregangar George David Woods
Etterfylgjar Alden W. Clausen
Politisk parti Det demokratiske partiet i USA, Det republikanske partiet
Medlem av Den trilaterale kommisjonen, American Academy of Arts and Sciences, Phi Beta Kappa, American Philosophical Society
Religion Presbyterian Church, Presbyterianisme
Ektefelle Margaret McNamara
Signatur
Robert McNamara på Commons

Liv og gjerning

endre

McNamara tok eksamen i økonomi og filosofi ved Berkeley-universitetet i 1937. Etter studiane arbeidde han hos revisjonsfirmaet Price Waterhouse og byrja i 1940 som forskarassistent ved Harvard-universitetet. Under andre verdskrigen melde han seg til teneste i flyvåpenet. Der utvikla han matematiske modellar til bombing av japanske byar med fosforbomber, med mål om å auke sprengkrafta, utan at produksjons-kostnadane auka.

I 1946 byrja McNamara å arbeide for Ford Motor Company, fyrst med ansvar for finansanalysane. Ganske fort steig han til alt høgare posisjonar i selskapet. Han har fått mykje av heideren for den veksten Ford oppnådde i tida etter verdskrigen. I 1960 vart han den fyrste nestkommanderande i Ford Motors som ikkje var Ford-ætling.

Få veker etter at McNamara tok til i toppstillinga i Ford Motors, baud presidenten i USA, John F. Kennedy han posisjonen som finansminister eller forsvarsminister i si regjering. McNamara var i tvil, men let seg overtale til å verte forsvarsminister. Frå 1964 var han ein av dei drivande aktørane då USA auka sitt engasjement i borgarkrigen i Vietnam, og byrja sende fleire og fleire USA-amerikanske troppar til landet og auka bombetokta. I 1967 gjorde McNamara framlegg både om å slutte med sende å endå fleire militære styrkar til Vietnam, og å innstille bombinga av Nord-Vietnam og trekke USA ut av maktstridane i Sør-Vietnam. McNamara hadde då mist trua på sine tidlegare taktiske vurderingar, og gjekk av som forsvarsminister den 29. februar 1968.

Like etter tok McNamara over som sjef for Verdsbanken. I posisjonen som verdsbanksjef stod han for store utlån til land i den såkalla Tredje verda, mellom anna til store damprosjekt. Tanken bakom dei store låna var at landa skulle verte moderniserte og utviklast frå å vere dominerte av jordbruk, til å verte industribaserte. Låna førte derimot i mange tilfelle til stor og øydeleggjande statsskuld.

Kjelder

endre
  1. Weiner, Tim (6. juli 2009). «Robert S. McNamara, Architect of a Futile War, Dies at 93». New York Times. Henta 6. juli 2009. 
  2. «Pages from World Bank History - Bank Pays Tribute to Robert McNamara». Archives. World Bank. 21. mars 2003. Henta 26. mai 2007.