Roberta Brunet (fødd 20. mai 1965) er ein italiensk tidlegare mellom- og langdistanseløpar frå Aosta. Ho vann i 1990 EM-bronse på 3 000 meter, seinare bronse på 5 000 meter ved OL 1996 og sølv på same distansen ved VM 1997.

Roberta Brunet
Statsborgarskap Italia
Fødd 20. mai 1965 (58 år)
Aosta
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988

Aktiv endre

Brunet sprang inn til bronsemedalje på 3 000 meter ved europameisterskapen 1990, med 8.46,1 sette ho personbeste. Året etter forbetra ho rekorden til 8.42,6 då ho vart nummer 6 på distansen under verdsmeisterskapen i Tokyo.

Sommaren 1996 tok Brunet bronsemedaljen på 5 000 meter under OL i Atlanta. Eit par veker etter leikane sette ho landsrekord på 3 000 m med 8.36,1 i Monaco den 10. august. Seks dagar seinare gjorde ho unna sitt liv beste 5 000 meter med di ho vart klokka inn på 14.44,5 ved eit stemne i Köln.

I finalen på 5 000 meter ved VM 1997 i Aten var Brunet ein av tre løparar som utgangen av siste sving kjempa om VM-tittelen. Gabriela Szabó frå Romania leia, føre portugisiske Fernanda Ribeiro og med Brunet på tredjeplass. På oppløpssida kleiv Brunet forbi Ribeiro, medan Szabó heldt unna og vart verdsmeister. Sju dagar seinare forbetra Brunet landsrekorden på 3 000 m til 8.35,6.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre