Gabriela Szabó (fødd 14. november 1975) er ein rumensk tidlegare friidrettsutøvar som vart olympisk meister på 5 000 meter under OL 2000 i Sydney og vann tre gullmedaljar i friidretts-VM; høvesvis på 5 000 meter i 1997 og 1999, og på 1500 meter i 2001. I 1999-sesongen var Szabó ein av fyrstepremie-vinnarane i Gyllen-serien (IAAF Golden League). Szabó sine personlege rekordar på distansane 1500 m, 3 000 m og 5 000 m er høvesvis 3.56,9, 8.21,4 og 14.31,4.

Gabriela Szabó


Statsborgarskap Romania
Fødd 14. november 1975 (49 år)
Bistrița
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996
Gabriela Szabó i 2014

Idrett

endre

18-årgamle Szabó vann bronsemedaljen på 3 000 meter ved friidretts-EM 1994 i Helsinki. Våren 1995 sigra ho på 3 000 m i innandørs-EM, ein prestasjon ho kopierte i dei to neste innandørs-VM, 1997 og 1999. Ho vann elles same distansen i innandørs-EM 1998 og 2000.

Sommaren 1996 sikra Szabó seg sølvmedaljen på 1500 m då Sommar-OL 1996 vart avvikla i Atlanta, einast russiske Svetlana Masterkova heldt seg framom henne på oppløpet.

Szabó vann så ein gullmedalje i tre verdsmeisterskap på rad; fyrst i Aten 1997 på 5 000 m og så forsvarte ho VM-tittelen på distansen i Sevilla i 1999, før ho i 2001 sigra på 1500 m i Edmonton. Derimot måtte ho sjå seg slått av irske Sonia O’Sullivan i spurten på 5 000 m under EM 1998.

Under dei olympiske leikane 2000 i Sydney revansjerte Szabo seg og vann gullmedaljen på 5 000 meter, framfor nettopp Sonia O’Sullivan og med etiopiske Gete Wami på tredjeplass. Dessutan fekk Szabó OL-bronsen på 1500 meter, slått av algeriske Nouria Mérah-Benida og si eiga landskvinne Violeta Szekely.

Szabó tok si siste internasjonale meisterskapsmedalje då ho vart nummer to på 1500 m ved EM 2002 i München, to hundredels sekund bak vinnaren, tyrkiske Süreyya Ayhan.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

endre
  • EM 1994 i Helsinki: Bronsemedalje på 3 000 m – 8.40,0
  • VM 1995 i Göteborg: Nr 4 på 5 000 m – 14.56,5
  • OL 1996 i Atlanta: Sølv på 1500 m – 4.01,5, bak Svetlana Masterkova (4.00,8). Utslått i kvalifiseringa på 5 000 m (nr 23 – 15.42,3)
  • VM 1997 i Aten: Gullmedalje på 5 000 m – 14.57,6, framom Roberta Brunet (14.58,2)
  • EM 1998 i Budapest: Sølv på 5 000 m – 15.08,3, bakom Sonia O'Sullivan (15.06,5),
  • VM 1999 i Sevilla: Gullmedalje på 5 000 m – 14.41,8, framom Zahra Ouaziz (14.43,1)
  • OL 2000 i Sydney: Gull på 5 000 m – 14.40,7, framom Sonia O'Sullivan (14.41,0), bronse på 1500 m – 4.05,2
  • VM 2001 i Edmonton: Gull på 1500 m – 4.00,5 og nr 8 på 5 000 m – 15.19,5
  • EM 2002 i München: Sølvmedalje på 1500 m – 3.58,81, bakom Süreyya Ayhan (3.58,79)
  • VM 2003 i Paris: Nr 11 på 5 000 m – 14.59,3

Politikk

endre

Frå 5. mars 2014 til 4. november 2015 var Szabó ungdoms- og sportsminister i to regjeringar leidde av Victor Ponta.

Kjelder

endre