Robin er eit personnamn som kan brukast av menn og kvinner. Det oppstod som ei engelsk kjæleform av Robert eller Roberta, av kortforma Rob og den franske diminutivsendinga -in. Robin har namnedag den 7. juni.

Robert(a) kjem opphavleg frå det germanske namnet Hrodebert, danna av gammelsaksisk hrôt, 'prising, vidkjend'», og gammalhøgtyske beraht, 'lys, skinande'. Robin er også det ein kallar raudstrupe på engelsk.

Robin er mykje brukt som kvinnenamn i USA, medan det er mykje brukt som mannsnamn i Sverige. I Noreg var Robin mykje brukt som namn for gutebarn fødde på 1990-talet.

Namneberarar endre

Menn endre

Kvinner endre

Annan bruk av namnet endre

Kjelder endre