Home av Procol Harum
Home Studioalbum av Procol Harum | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 5. juni 1970 | |
Innspelt | 1970 | |
Studio | EMI Studios i London | |
Sjanger | progressiv rock | |
Lengd | 39:11 | |
Selskap | Polydor | |
Produsent | Chris Thomas | |
Procol Harum-kronologi | ||
---|---|---|
A Salty Dog (1969) |
Home | Broken Barricades (1971)
|
Home er det fjerde albumet til Procol Harum og kom ut i 1970. Etter at bassisten David Knights gav seg i bandet, vart han erstatta av Chris Copping. Han hadde tidlegare spelt i The Paramounts i lag med Brooker, Wilson og Trower, som alt var i bandet. The Paramounts var dermed på dette albumet på sett og vis samla att, men med eit anna namn. Dei tok inn Copping for å gå attende til ein meir R'n'B-stil, slik The Paramounts hadde spelt.[4]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Christgau's Record Guide | C+[2] |
Rolling Stone | (ikkje vurdert)[3] |
Dei første innspelingane vart gjort i London i Trident Studios i lag med den tidlegare organisten deira Matthew Fisher, som òg hadde produsert det førre albumet til bandet. Dei var ikkje nøgd med lyden og framføringane og skrinla desse innspelingane, og starta på ny med produsent Chris Thomas og lydteknikar Jeff Jarratt ved Abbey Road Studios. Då albumet var ferdig ønskte dei eit plateomslag som parodierte Stegespelet med medlemmar av bandet som brikker.
Då albumet kom ut i juni 1970 nådde det 34. plassen i USA og 49. plassen i Storbritannia. «Whiskey Train» vart gjeven ut som singel, skriven av gitarist Robin Trower med tekst av Keith Reid.[5]
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Gary Brooker og Keith Reid, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Whisky Train» | Robin Trower, Reid | 4:31 |
2. | «The Dead Man's Dream» | 4:46 | |
3. | «Still There'll Be More» | 4:53 | |
4. | «Nothing That I Didn't Know» | 3:38 | |
5. | «About to Die» | Trower, Reid | 3:35 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Barnyard Story» | 2:46 |
2. | «Piggy Pig Pig» | 4:47 |
3. | «Whaling Stories» | 7:06 |
4. | «Your Own Choice» | 3:13 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Still There'll Be More» (opptak 3; råopptak) | 4:57 |
2. | «Whaling Stories» (råopptak) | 7:05 |
Medverkande
endre- Chris Copping – orgel, bassgitar
- B.J. Wilson – trommer
- Robin Trower – gitar
- Gary Brooker – piano og vokal
- Keith Reid – tekstar
- Teknisk
- Jeff Jarratt - lydteknikar
- Helmut Hastenteufel - design
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Home (Procol Harum album)» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mai 2012.
- ↑ Eder, Bruce (2011). «Home – Procol Harum | AllMusic». allmusic.com. Henta 4. september 2019.
- ↑ Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: P». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 10. mars 2019 – via robertchristgau.com.
- ↑ von Tersch, Gary (2011). «Procol Harum: Home : Music Reviews : Rolling Stone». web.archive.org. Arkivert frå originalen 23. mai 2009. Henta 4. september 2019.
- ↑ CD-heftet til Home
- ↑ Billboard Charts 1970
Bakgrunnsstoff
endre- ProcolHarum.com - ProcolHarum.com om albumet