A Whiter Shade of Pale

A Whiter Shade of Pale
Singel av Procol Harum
frå albumet Procol Harum
B-side

«Lime Street Blues»

Språk engelsk
Utgjeve 12. mai 1967
Innspelt Olympic Studios
Sjanger Psykedelisk rock
Progressiv rock
Barokk rock
Lengd 4:03
Selskap Deram Records
Komponist Gary Brooker, Matthew Fisher
Tekstforfattar Keith Reid
Låtskrivar(ar) Gary Brooker, Keith Reid, Matthew Fisher
Produsent Denny Cordell
Procol Harum-kronologi 
A Whiter Shade of Pale «Homburg»
(1967)


«A Whiter Shade of Pale» er debutsingelen til det britiske bandet Procol Harum og kom ut 12. mai 1967. Songen er skriven av Gary Brooker, Keith Reid og Matthew Fisher. Singelen nådde toppen av singellista i Storbritannia[1] den 8. juni 1967 og vart liggande der i seks veker. Utan mykje reklame nådde songen femteplass i USA. Singelen er ein av mindre enn 30 singlar som har seld minst 10 millionar eksemplar på verdsbasis.

Med den stemningsskapande Bach-aktige melodien, den sjelfulle vokalen og den uvanlege teksten gjekk singelen til topps i fleire land i 1967. I åra sidan har han blitt rekna som ein klassikar og er ein av dei mest spelte songane dei siste 75 åra i Storbritannia.[2] Britiske Phonographic Performance Limited rekna i 2004 songen som den mest spelte nokon gong på britisk kringkasting dei siste 70 åra.[3] I 2004 sette Rolling Stone «A Whiter Shade of Pale» på 57. plass på lista deira over dei 500 beste songane gjennom tidene.

Meir enn 1000 coverversjonar av andre artistar er kjend.[4] Songen har vore med på mange samleplater gjennom tiåra og er vorte nytta i mange filmar, som The Big Chill, Purple Haze, Breaking the Waves, The Boat That Rocked og Martin Scorsese-delen av New York Stories. Coverversjonar av songen er òg nytta i mange filmar, som av King Curtis i Withnail and I og av Annie Lennox i The Net.

Songen var opphavleg berre tilskriven Brooker og Reid, men i 2009 vann Matthew Fisher, organisten på songen, medlåtskrivarrettar i retten.

Innspeling og medverkande endre

Songen vart framført og spelt inn i Olympic Studios i London i England med Gary Brooker på vokal og piano, Matthew FisherHammond M-102-orgel, David Knights på bass og Ray Royer på gitar. Trommer vart spelt av studiotrommis Bill Eyden. Nokre dagar seinare vart songen spelt inn på ny med den nye trommeslagaren Bobby Harrison, men denne siste versjonen vart ikkje rekna som like bra og den opphavlege vart vald ut for singelutgjevinga.

Produsent for innspelinga var Denny Cordell og Keith Grant var lydteknikar.[5]

Songen vart òg gjeven ut på den originale amerikanske utgåva av albumet Procol Harum, men ikkje på den britiske utgåva.

Teksten endre

Reid fekk tittelen og utgangspunktet for songen på ein fest. Han overhøyrte noko på festen sei til ei dame, «You've turned a whiter shade of pale», og setninga vart sittande i minnet hans.[6][7] Den originale teksten hadde fire vers, men berre to vart spelt inn på den originale innspelinga. Det tredje verset kan ein høyre på somme konsertopptak av Procol Harum, og ein sjeldan gong òg det fjerde.[8]

Komposisjon endre

Songen har eit moderat tempo i C-dur, og er kjenneteikna av ei basslinje som går stegvis nedover i gjentakande mønster gjennom heile songen. I klassisk musikk vert dette kjend som grunnbass. Den harmoniske strukturen er identisk for orgelmelodien, verset og refrenget, bortsett frå at refrenget endar med ein kadens. Orgelmelodien dukkar opp i byrjinga av songen og etter kvart vers/refreng, men ein kan òg høyre melodien gjennom heile songen med variasjonar av temaet og kontrapunkt til vokallinja. Både vokalen og orgelakkompagnementet når eit crescendo i byrjinga av refrenget «And so it was, and later ...»"; der organisten raskt dreg handa ned og opp over alle tangentane. Den siste instrumentale biten vert tona ut til stillheit - noko som var vanleg i popmusikk på denne tida.

Hammondorgellinja i «A Whiter Shade of Pale» var inspirert av Johann Sebastian Bach sin «Wachet auf, ruft uns die Stimme, BWV 140» og «Air på ein G-streng» - som begge nyttar eit liknande bassmotiv. Songen er derimot ikkje, som mange trur, ein direkte kopi eller omskriving av musikken til Bach,[9] sjølv om det er tydelege referansar til begge stykka. Likskapen mellom songen og Bach vert omtalt i skodespelet The Real Thing av Tom Stoppard og i filmen The Commitments frå 1991. Musikken låner òg idear frå «When a Man Loves a Woman» av Percy Sledge.[10]

Mottaking endre

Singelen kom ut 12. mai 1967 på Deram Records og gjekk inn på den britiske lista 25. mai. Etter to veker nådde han toppen av lista og vart liggande der i seks veker, og låg totalt 15 veker på lista. Ei nyutgjeving på Fly Records nådde igjen den britiske lista for 12 nye veker, med ein 13. plass som høgaste plassering. I USA nådde singelen 5. plass og selde over ein million kopiar. I Nederland gjekk songen inn på toppen i juni 1967 og igjen i juli 1972.

Listeplasseringar: # 1 (UK), # 1 (Nederland), # 1 (Tyskland), # 1 (Irland), # 1 (Australia), # 1 (Verdslista), # 3 (Noreg VG-lista), #5 (USA Hot 100).

Gjennom åra har «A Whiter Shade of Pale» fått mykje god kritikk:

  • John Lennon var ein stor fan av songen og er kjend for å ha spelt han mange gonge ri Rolls Roycen sin.
  • Songen vart i lag med Queen sin «Bohemian Rhapsody», som òg nyttar ordet 'fandango') kåra til den beste britiske popsingelen 1952-1977 ved BRIT Awards i 1977.
  • Songen er på 57. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.
  • Britiske Channel 4 plasserte songen på 19. plass på si liste over dei 100 beste singlane gjennom tidene.[11]

Medverkande endre

Salslister endre

Vekeslister endre

Liste (1967) Plassering
Australia Go-Set 1
Austria 4
Belgia 1
Canada RPM Top Singles[12] 1
Canada RPM Adult Contemporary[13] 1
Frankrike 1
Tyskland 1
Irland 1
Italia 1
New Zealand (Listener)[14] 1
Noreg 3
Polen 2
Sør-Afrika (Springbok Radio)[15] 1
Spania 1
Storbritannia 1
USA 5
Liste (1972) Plassering
Nederland (Single Top 100)[16] 1

Årslister endre

Liste (1967) Ranking
Australia[17] 14
Canada[18] 27
Sør-Afrika[19] 19
USA[20] 38
Liste (1972) Ranking
Nederland (Single Top 100)[16] 18

Annie Lennox-versjonen endre

A Whiter Shade of Pale
Singel av Annie Lennox
frå albumet Medusa
B-side

«Heaven»
«(I'm Always Touched By Your) Presence, Dear»

Språk engelsk
Utgjeve mai 1995
Sjanger Pop
Lengd 5:15
Selskap Arista
Komponist Gary Brooker, Matthew Fisher
Tekstforfattar Keith Reid
Låtskrivar(ar) Gary Brooker, Matthew Fisher, Keith Reid
Produsent Stephen Lipson
Annie Lennox-kronologi 
«No More "I Love You's"»
(1995)
A Whiter Shade of Pale «Waiting in Vain»
(1995)


«A Whiter Shade of Pale» vart spelt av Annie Lennox i 1995 på albumet hennar Medusa. Han vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet i mai 1995 og vart ein topp 40-hit i Europa og Canada.

Medverkande endre

Salslister endre

Liste (1995) Plassering
Australia (ARIA)[21] 56
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[22] 48
Belgia (Ultratop 40 Vallonia)[23] 16
Canada Top Singles (RPM)[24] 37
Canada Adult Contemporary Tracks (RPM)[25] 2
Europa (European Hot 100 Singles)[26] 45
Frankrike (SNEP)[27] 17
Tyskland (Media Control AG)[28] 77
Irland (IRMA)[29] 25
Nederland (Mega Single Top 100)[30] 39
Skottland (Official Charts Company)[31] 11
Sveits (Schweizer Hitparade)[32] 26
UK Singles (Official Charts Company)[33] 16
US Bubbling Under Hot 100 Singles (Billboard)[34] 1
US Hot Dance Singles Sales (Billboard)[35] 2
US Hot Singles Sales (Billboard)[36] 66

Kjelder endre

  1. «EveryHit.com». everyHit.com. Henta 12. mai 2012. 
  2. «Whiter Shade 'most played' song». BBC News. 13 april 2009. Henta 12. mai 2012. 
  3. «Procol Harum Shades Rivals in UK Survey». Henta 12. mai 2012. 
  4. «A Whiter Shade of Pale Versions — Martin's Collection». Arkivert frå originalen 15. februar 2012. Henta 12. mai 2012. 
  5. "Procol Harum Beyond The Pale" by Claes Johansen, pp. 68, 86, SAF Publishing, London, 2000.
  6. Paul Simpson, The rough guide to cult pop, Page 249. Rough Guides, 2003, ISBN 1843532298. 15. desember 2003. ISBN 978-1-84353-229-3. Henta 12. mai 2012 2009-12-08. 
  7. Claes Johansen, Procol Harum: beyond the pale, pp 57-62. SAF Publishing Ltd, 2000, ISBN 0-946719-28-4. 2000. ISBN 978-0-946719-28-0. Henta 12. mai 2012. 
  8. «Miscellaneous Keith Reid words». Henta 12. mai 2012 2009-08-01. 
  9. «What Bach Piece is "A Whiter Shade of Pale?"». Arkivert frå originalen 16. juni 2001. Henta 12. mai 2012. 
  10. Holm-Hudson, Kevin (2008). Genesis and The Lamb Lies Down on Broadway. Ashgate Publishing Ltd. s. 78. ISBN 978-0-7546-6147-4. Henta 12. mai 2012. 
  11. «THE 100 GREATEST No.1 SINGLES». Henta 12. mai 2012. 
  12. «Top Singles - Volume 7, No. 24, August 12 1967». Henta 2. september 2019. 
  13. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. 12. august 1967. Henta 28. februar 2018. 
  14. «Flavour of New Zealand, 11. august 1967». Flavourofnz.co.nz. Henta 17. juli 2019. 
  15. «SA Charts 1965–March 1989». Henta 5. september 2018. 
  16. 16,0 16,1 «Jaaroverzichten – Single 1972» (på nederlandsk). Single Top 100. Hung Medien. Henta 25. februar 2018. 
  17. «Go-Set Magazine Charts». www.poparchives.com.au. Barry McKay. January 2007. Arkivert frå originalen 6. mars 2017. Henta 13. juli 2017. 
  18. «RPM 100 Top Singles of 1967». RPM. Library and Archives Canada. Arkivert frå originalen 2. september 2019. Henta 2. september 2019. 
  19. «Top 20 Hit Singles of 1967». Henta 2. september 2019. 
  20. «Top 100 Hits of 1967/Top 100 Songs of 1967». Henta 2. september 2019. 
  21. Ryan Gavin (2011). Australia's Music Charts 1988-2010. Mt. Martha, VIC, Australia: Moonlight Publishing. 
  22. "Ultratop.be – Annie Lennox – A Whiter Shade of Pale..." (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 3. november 2016.
  23. "Ultratop.be – Annie Lennox – A Whiter Shade of Pale..." (på fransk). Ultratop 40. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 3. november 2016.
  24. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 3. november 2016.
  25. "RPM Adult Contemporary Tracks." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 3. november 2016.
  26. «Hits of the World» (PDF). Billboard. Prometheus Global Media. Henta 3. november 2016. 
  27. "Lescharts.com – Annie Lennox – A Whiter Shade of Pale..." (på fransk). Les classement single. Hung Medien. Henta 3. november 2016.
  28. "Annie Lennox - A Whiter Shade of Pale...". Charts.de. Media Control. Henta 3. november 2016.
  29. "The Irish Charts – Search Results – Annie Lennox". Irish Singles Chart. Retrieved 3. november 2016.
  30. "Dutchcharts.nl – Annie Lennox – A Whiter Shade of Pale..." (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 3. november 2016.
  31. "Archive Chart". Scottish Singles Top 40. Official Charts Company. Henta 3. november 2016.
  32. "Annie Lennox – A Whiter Shade of Pale... – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien. Henta 3. november 2016.
  33. "Chart Stats – Annie Lennox – {{{song}}}" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 3. november 2016.
  34. "Annie Lennox Chart History (Bubbling Under Hot 100)". Billboard. Retrieved 3. november 2016.
  35. «Dance Singles Sales». Billboard. Henta 3. november 2016. 
  36. «Hot Singles Sales». Billboard. Henta 3. november 2016. 

Bakgrunnsstoff endre