Rock and Roll Ain't Noise Pollution
Rock and Roll Ain't Noise Pollution Singel av AC/DC frå albumet Back in Black | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | November 1980 (Storbritannia) | |
Innspelt | April og mai 1980 | |
Studio | Compass Point (Nassau) | |
Sjanger | ||
Lengd | 4:12 | |
Selskap | Atlantic | |
Komponist | Angus Young | |
Tekstforfattar | Angus Young | |
Låtskrivar(ar) | ||
Produsent | Robert John «Mutt» Lange | |
AC/DC-kronologi | ||
«Hells Bells» (1980) |
Rock and Roll Ain't Noise Pollution | «Back in Black» (1980)
|
«Rock and Roll Ain’t Noise Pollution» er ein song av det australske rockebandet AC/DC. Det er det tiande og siste sporet på albumet deira Back in Black frå 1980. Det er den fjerde og siste singelen som vart sleppt frå albumet. Låten nådde 15. plassen på UK Singles Chart, den høgaste plasseringa av ein låt på albumet.
Bakgrunn
endreOpprinnelig vart det berre skrive ni låtar til Back in Black, men Atlantic Records, og dessutan managementet deira, tilrådde dei å skriva éin låt til. Angus og Malcolm skreiv songen på rundt 15 minutt. Vokalist Brian Johnson fortel: «Eg kjem aldri til å gløyma starten på han. Eg gjekk inn i innspelingsbåsen, introen startar og eg høyrer: 'Brian, det er Mutt. Kan du sei noko over dette?»[1] Han byrjar å gjenta teksten høgt, med hovudet lett bakoverlent: «All you middle men throw away your fancy clothes. For some reason middle men were in the news at the time, the top guys weren't getting the blame and the workforce weren't getting it either, it was the middle men who were this grey area. I must have picked up on it and it just went from there.»[1]
Malcolm forklarte opphavet til songen: «Me var i London på den tida, og det var mange problem med den gamle Marquee Club fordi han låg i eit tettbygt område, og det var ei heil greie med støyforureining i nyheitene, den miljø- og helsegreia med at du ikkje kunne ha stereoanlegget høgt på etter 23.00 om kvelden, alt kom av det.»[1]
Utgiving
endreLåten dukkar òg opp i videoar som No Bull (1996), Family Jewels (2005) og Plug Me In (2007), og dessutan i plateboksen Bonfire (1997).
Låten er med på hyllestalbumet til bandet frå 2003, Back in Baroque: The String Tribute to AC/DC, han vart òg covra i 2004 av death metal-bandet Six Feet Under på albumet Graveyard Classics 2. Alex Gibson spelte òg inn songen i 2008 frå albumet Rockabye Baby!: Lullaby Renditions of AC/DC". Songen var med i ein reklamefilm for Nike i 2006,[2] og dessutan ein for Applebee's i 2016.[3]
Innhald
endre- «Rock and Roll Ain't Noise Pollution» – 4:12
- «Hells Bells» – 5:10
Salslister
endreVekesliste
endreListe (1980/81) | Plassering |
---|---|
Australske (Kent Music Report)[4][5] | 7 |
Irish Singles Chart[6] | 15 |
UK Singles Chart[7] | 15 |
Årslister
endreListe (1981) | Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report)[5] | 82 |
Medverkande
endre- Brian Johnson – solovokal
- Angus Young – sologitar
- Malcolm Young – rytmegitar, korvokal
- Cliff Williams – bassgitar, korvokal
- Phil Rudd – trommer
Notes
endre- Denne artikkelen bygger på «Rock and Roll Ain't Noise Pollution» frå Wikipedia på engelsk, den 26. juni 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Rock, Philip Wilding. «AC/DC's Back In Black: the story behind the album». Classic Rock Magazine (på engelsk). Henta 9. desember 2019.
- ↑ «Nike Commercial». Youtube. Arkivert frå originalen 21. desember 2021. Henta 10. mai 2010.{
- ↑ «Applebee's Wood Fired Grill TV Spot, 'Trained Meat Cutters' Song by AC/DC». iSpot.tv. Henta 9. juni 2016.
- ↑ Kent, David (1993). Australske Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australske Chart Book. s. 11. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ 5,0 5,1 «National Top 100 Singles for 1981». Kent Music Report. 4. januar 1982. s. 7. Henta 11. januar 2022 – via Imgur.
- ↑ «The Irish Charts». irishcharts.ie. Henta 28. februar 2010.
- ↑ «Rock 'N' Roll Ain't Noise Pollution». Official Charts Company. Henta 28. februar 2010.