Rockaria!
Singel av Electric Light Orchestra
frå albumet A New World Record
B-side

«Poker»

Utgjeve 19. februar 1977 (UK)
Innspelt 1976 Musicland Studios, München
Sjanger Rock and roll, kunstrock, symfonisk rock
Lengd 3:14 (album)
3:10 (singel)
Selskap Jet
Tekstforfattar Jeff Lynne
Låtskrivar(ar) Jeff Lynne
Produsent Jeff Lynne
Electric Light Orchestra-kronologi 
«Livin' Thing»
(1976)
Rockaria! «Do Ya»
(1977)


«Rockaria!» er ein song av Electric Light Orchestra (ELO), skriven av Jeff Lynne. Han er det tredje sporet på albumet A New World Record frå 1976, og var den andre singelen frå albumet. På somme CD-utgåver av A New World Record står songen oppført utan utropsteiknet.

Innspeling endre

Mary Thomas syng operavokalen i introduksjonen. På det første forsøket byrja ho for tidleg, men Lynne valde likevel å bruke dette opptaket (med utropet hennar «Oops!»). Under konsertane vart «arien» i songen framført av bassisten Kelly Groucutt.

Musikk endre

Songen er ei unik blanding av blues, glamrock, opera og powerpop. I følgje teksten er ei kvinne besett av operameisterverk av Wagner, Beethoven, Puccini og Verdi og songaren ønskjer å syne ho korleis ho skal rock and roll. Mot slutten av songen kjem ein tvist då det syner seg at operasongen faktisk kan rocke med dei beste av dei, og at ho har nokre triks å lære songaren. Når Beethoven vert nemnt kan ein høyre den kjende opninga av den femte symfonien hans på piano.

Tittelen på songen vert ikkje sungen i teksten, men vert ofte uttalt feil, slik at det rimar på «diarrhea». Det er i røynda ei samanslåing av orda rock og aria.

B-side endre

«Poker» er ein song skriven og framført av Electric Light Orchestra, henta frå same albumet som A-sida, der han var spor nummer 5. Han er den kortaste songen på albumet med ei lengd på 3:34. Kelly Groucutt song det meste av teksten på songen.

Songen vart nytta som B-side igjen seinare, først i Storbritannia i 1979 som B-sida til den amerikanske singelverjsonen av «Confusion».

Lister endre

Liste (1977) Plassering
Australia (Kent Music Report)[1] 10
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[2] 7
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[3] 26
Belgia (VRT Top 30 Flandern)[4] 17
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[5] 28
Nederland (Mega Single Top 100)[6] 23
UK Singles (Official Charts Company)[7] 9

Jeff Lynne spelte inn songen på ny i 2013 for eit samlealbum med andre nyinnspelte ELO-songar. Albumet vart gjeve ut som eit ELO-album.,[8]

Kjelder endre

  1. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970-1992. St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  2. "Electric Light Orchestra – Rockaria! – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 15. februar 2015.
  3. "Ultratop.be – Electric Light Orchestra – Rockaria!" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 15. februar 2015.
  4. «Rockaria – ELECTRIC LIGHT ORCHESTRA» (på nederlandsk). Top 30. Henta 15. februar 2015. 
  5. "Nederlandse Top 40 – Electric Light Orchestra - Rockaria search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40. Henta 15. februar 2015.
  6. "Dutchcharts.nl – Electric Light Orchestra – Rockaria!" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 15. februar 2015.
  7. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company. Henta 15. februar 2015.
  8. «Mr. Blue Sky – The Very Best of Electric Light Orchestra». Elo.biz. 5 October 2012. Henta 13. februar 2015. 

Bakgrunnsstoff endre