A New World Record

A New World Record
Studioalbum av Electric Light Orchestra
Utgjeve 11. september 1976 (UK)
12. september 1976 (US)
Innspelt Juli 1976 i Musicland Studios i München
Sjanger Symfonisk rock, rock, kunstrock
Lengd 36:20
Selskap Jet, United Artists
Produsent Jeff Lynne
Electric Light Orchestra-kronologi
Olé ELO
(1976)
A New World Record The Light Shines On
(1977)
Singlar frå A New World Record
  1. «Livin' Thing»
    Utgjeve: Oktober 1976
  2. «Rockaria!»
    Utgjeve: Februar 1977
  3. «Do Ya»
    Utgjeve: Februar 1977
  4. «Telephone Line»
    Utgjeve: Mai 1977

A New World Record er det sjette studioalbumet til Electric Light Orchestra (ELO), gjeve ut i 1976.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[1]
Robert ChristgauB+[2]
Rolling Stonepositiv[3]

OversynEndra

Albumet vart det andre albumet deira som vart spelt inn i Musicland Studios i München og vart gjennombrotet deira i Storbritannia som dei hadde venta lenge på. A New World Record vart det første albumet deira som gjekk inn på topp 10 på albumlista i Storbritannia. Det vart ein stor internasjonal suksess og gjorde bandet til eit av dei mestseljande rockebanda i verda på denne tida. Plata selde til multi-platina i USA og Storbritannia, og selde fem millionar eksemplar verda over det første året. Det var første gongen den kjende ELO-logoen vart nytta på plateomslaget. Logoen vart nytta på alle seinare utgjevingar med bandet.

Albumet inneheld hitsinglane «Telephone Line», som art den første singelen deira som selde til gullplate i USA, «Livin' Thing» og «Do Ya» (USA) og «Rockaria!» (UK). «Do Ya» var ELO sin versjon av The Move-singelen frå 1972 på United Artists Records. Bandet fokuserer meir på kortare popsongar, ein trend dei skulle halde seg til på framtidige ELO-album. I 1977 vart mange av songane på albumet nytta i filmen Joyride. I 2006 vart albumet mastra på ny og gjeve ut med bonusspor på Sony-etiketten Epic/Legacy. «Surrender» vart òg gjeven ut som promosingel og som nedlastbar singel på iTunes, og denne nådde topp 100 på nedlastingslista.

I juli 2012 gav plateselskapet Music on Vinyl ut A New World Record på 180 grams vinyl med eit spesiallaga sisselert omslag.

Jeff Lynne omtalar låtskrivaringa påd ette punktet:

« Songane starta å flyte og dei fleste kom til meg raskt. Å få alle dei hittane... det er utruleg. Å gå frå å gjere det greitt i tre-fire år til brått slå gjennom så stort, det var rart, men flott.» »
– Jeff Lynne 2006; A New World Record

Patti Quatro, Brie Brandt, begge frå Fanny, og Addie Lee song alla korvokal på albumet, men er ikkje omtalt for dette på omslaget.[4]

InnhaldEndra

Alle songar er skrivne av Jeff Lynne.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Tightrope»5:03
2.«Telephone Line»4:38
3.«Rockaria!»3:12
4.«Mission (A World Record)»4:25
Side to
Nr.TittelLengd
5.«So Fine]»3:54
6.«Livin' Thing»3:31
7.«Above the Clouds»2:16
8.«Do Ya»3:43
9.«Shangri-La»5:35
Bonusspor på 2006-utgåva
Nr.TittelLengd
10.«Telephone Line» (Different vocal)4:41
11.«Surrender»2:37
12.«Tightrope» (Instrumental early rough mix)4:55
13.«Above the Clouds» (Instrumental rough mix)1:14
14.«So Fine» (Instrumental early rough mix)4:16
15.«Telephone Line» (Instrumental)4:51

MedverkandeEndra

Andre medverkande
  • Mary Thomas – operavokal
  • Patti Quatro – korvokal
  • Brie Brandt – korvokal
  • Addie Lee – korvokal
  • Mack – lydteknikar
  • Orkester- og korarrangement – Jeff Lynne, Richard Tandy, Louis Clark
  • Duane Scott – Lydteknikar frå USA-utgåve

ListerEndra

ListerEndra

Liste (1976–78) Plassering
Australian Kent Music Report Album Chart[5] 1
Austerrike[6] 9
Kanadisk RPM Album Chart[7] 1
Nederlandsk - Mega Album Chart[8] 2
Japan Oricon LP-liste[9] 60
New Zealand[10] 4
Noreg - VG-lista[11] 9
Sverige[12] 1
UK Album Chart[13] 6
US Billboard 200[14] 5
US CashBox 10
Vest-Tyskland - Media Control[15] 7

ÅrlisteEndra

Liste (1976) Plassering
Canadian Album Chart[16] 60
Nederland[17] 37
Liste (1977) Plassering
Australia[5] 2
Austerrike[18] 21
Canadian Album Chart[19] 3
Nederland[20] 48
UK Album Chart[21] 16
US Billboard Year-End[22] 6
Liste (1978) Plassering
Australia[5] 22
UK Album Chart[21] 47

KjelderEndra

  1. Eder, Bruce. A New World RecordAllmusic. Henta 15. februar 2015.
  2. Christgau, Robert. «Consumer Guide: Electric Light Orchestra: A New World Record». Arkivert frå originalen 2013-09-07. Henta 15. februar 2015. 
  3. «Electric Light Orchestra: A New World Record: Music Review». Arkivert frå originalen 2008-04-16. Henta 15. februar 2015. 
  4. Unzipped, an autobiography by Suzi Quatro
  5. 5,0 5,1 5,2 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 978-0-646-11917-5. 
  6. «austriancharts.at Electric Light Orchestra – A New World Record». Hung Medien (på tysk). Arkivert frå originalen (ASP) 2014-03-26. Henta 15. februar 2015. 
  7. Library and Archives Canada. Henta 15. februar 2015
  8. «dutchcharts.nl Electric Light Orchestra – A New World Record». dutchcharts.nl (på nederlandsk). MegaCharts. Arkivert frå originalen (ASP) 2014-04-24. Henta 15. februar 2015. 
  9. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 978-4-87131-077-2. 
  10. «charts.org.nz Electric Light Orchestra – A New World Record». Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. Arkivert frå originalen (ASP) 2014-03-02. Henta 15. februar 2015. 
  11. «norwegiancharts.com Electric Light Orchestra – A New World Record». Hung Medien. VG-lista. Arkivert frå originalen (ASP) 2014-04-18. Henta 15. februar 2015. 
  12. «swedishcharts.com Electric Light Orchestra – A New World Record». Sverigetopplistan. Arkivert frå originalen (ASP) 2014-03-16. Henta 15. februar 2015. 
  13. «Chart Stats – Electric Light Orchestra – A New World Record». UK Album Chart. Arkivert frå originalen (PHP) 2012-03-04. Henta 15. februar 2015. 
  14. «allmusic ((( A New World Record > Charts & Awards > Billboard Album )))». allmusic.com. Henta 15. februar 2015. 
  15. «Album Search: Electric Light Orchestra – A New World Record» (ASP) (på tysk). Media Control. Henta 15. februar 2015. 
  16. «RPM Top 100 Album of 1976». RPM. 8 January 1977. Arkivert frå originalen 2015-02-15. Henta 15. februar 2015. 
  17. «Dutch charts jaaroverzichten 1976» (på nederlandsk). Arkivert frå originalen (ASP) 2014-05-12. Henta 2 April 2014. 
  18. «Austriancharts.st – Jahreshitparade 1978» (på tysk). Hung Medien. Arkivert frå originalen (ASP) 2014-03-12. Henta 1 August 2010. 
  19. «RPM Top 100 Album of 1977». RPM. 31 December 1977. Arkivert frå originalen 2014-04-05. Henta 15. februar 2015. 
  20. «Dutch charts jaaroverzichten 1977» (på nederlandsk). Arkivert frå originalen (ASP) 2014-05-12. Henta 2 April 2014. 
  21. 21,0 21,1 «Complete UK Year-End Album Charts». Arkivert frå originalen 2012-05-19. Henta 12 September 2011. 
  22. «Top Pop Album of 1977». billboard.biz. Henta 15. februar 2015. 

BakgrunnsstoffEndra