Rockface av Tangerine Dream

Rockface
Konsertalbum av Tangerine Dream
Utgjeve 18. desember 2003
Innspelt 24. september 1988
Sjanger
Lengd 1:47:23
Tangerine Dream-kronologi 
DM 4
(2003)
Rockface Purgatorio
(2004)


Rockface er det 79. albumet totalt og det 13. konsertalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, utgjeve 18. desember 2003 som eit dobbeltalbum.[1]

Albumet inneheld eit konsertopptak frå 24. september 1988 frå San Francisco, under den nordamerikanske turneen deira, og i motsetnad til mange av konsertalbumet deira, er det nærast urørt i studio.[1]

Det fanst fleire piratkopiutgåver av albumet. På den første plata manglar det kring tre minutt med musikk i sporet «Parabola», som i følgje TDI, plateselskapet til Tangerine Dream, kom av at lydteknikaren måtte skifte lydband.[1]

Mykje av musikken består av komposisjonar frå albumet Optical Race (1988), som turneen marknadsførte. Det inneheld òg versjonar av spor frå Phaedra (1974) og Logos Live (1982), og somme spor frå komande filmmusikkalbum som Miracle Mile, Destination Berlin (begge 1989) og Canyon Dreams (1991), i tillegg til nokre nye komposisjonar som ikkje finst på andre album.

I mars 2009 kom albumet ut på ny med nytt plateomslag.

Innhald endre

Plate ein
Nr.TittelLengd
1.«Mothers of Rain»5:21
2.«After the Call»5:36
3.«Tyger» (instrumental)4:58
4.«Alchemy of the Heart»4:10
5.«Papyrus» (piano)3:45
6.«Phaedra 88»4:23
7.«Live Miles»10:19
8.«Logos 88»5:55
9.«Parabola»11:07
Plate to
Nr.TittelLengd
1.«Table Bay»2:20
2.«Nomad's Scale»9:00
3.«Cat Scan»5:34
4.«Atlas Eyes»4:28
5.«Marakesh»7:59
6.«Eden's Gate»1:38
7.«Ghazal (Love Song)»5:13
8.«Alexander Square»5:11
9.«The Silent League»1:39
10.«Canyon Voices»4:48
11.«Optical Race»3:59

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Rockface». Voices in the Net. Henta 22. juli 2020.