Opna hovudmenyen

Rognes er ei bygd i Midtre Gauldal kommune. Bygda ligg om lag ei mil sør for Støren, i retning Røros. Fylkesveg 30 går gjennom Rognes.

Rognes
stad
Rognes 02.JPG
Rognes
Foto: Ezzex
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Midtre Gauldal kommune
Postnummer 7295 ROGNES

Staden med knapt 200 innbyggjarar ligg like ved elva Gaula, som har ei rekkje gode laksevald i dette området. Elva Bua frå Budalen renn ut i Gaula ved Rognes. Landbruk er hovudnæring på Rognes. Tidlegare var det òg skofabrikk, ryggsekkfabrikk og mekanisk verkstad her.

På Rognes var det fleire grendaskular, men i 1955 vart alle samla i Aune skole som låg på vestsida av Gaula. Seinare vart det bygd ny skule på austsida. Etter fleire rundar med nedleggingsdiskusjonar vart skulen til slutt lagt ned i 1999. Skuleborn frå Rognes dreg no til Støren for å gå på skule.

Rognes er heimstaden til skiløparen Marit Bjørgen.