Midtre Gauldal kommune
Midtre Gauldal er ein kommune i Trøndelag fylke. Han grensar mot kommunane Melhus og Selbu i nord, mot Holtålen i aust, mot Os og Tynset i sør, og mot Rennebu og Orkland i vest.
Midtre Gauldal kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Adm.senter | Støren | ||
Areal | 1 861 km² | ||
- land | 1 817 km² | ||
- vatn | 44 km² | ||
Folketal | 6 133 (1. januar 2023) | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Sivert Moen (Sp) | ||
Kommunenr. | 5027 | ||
![]() Midtre Gauldal | |||
Wikimedia Commons: Midtre Gauldal | |||
Nettstad: midtre-gauldal.kommune.no | |||
Talet på innbyggjarar var 5950 per 1. januar 2009. Kommunesenteret er Støren. Midtre Gauldal ligg langs E6 fem mil sør for Trondheim.
HistorieEndra
KommunehistorieEndra
Midtre Gauldal kommune vart oppretta i 1964 etter at kommunane Støren, Soknedal, Singsås og Budal slo seg saman.
SamfunnEndra
Kommuneadministrasjonen ligg på Støren, cirka 50 km sør for Trondheim. På Støren finn ein eit utdanningssenter med barne- og ungdomsskole samt ein vidaregåande skole med ei mengde linjer. Gjennom kommunen renn fleire vassdrag, dei største er Gaula, Sokna og Bua i Sørtrøndelag som alle er gode lakseelvar.
Kommunen består i hovudsak av fylgjande område: Budal, Singsås, Støren og Soknedal.
NæringslivEndra
Kyllingindustri er ei stor næring i kommunen, særleg representert ved storbedriften Norsk Kylling. Andre store bedrifter i kommunen er Støren Trelast og Støren Treindustri
GeografiEndra
Forollhogna nasjonalpark ligg delvis i kommunen.
Elvar, fjell og vatnEndra
KulturEndra
TusenårsstadEndra
Kommunens tusenårsstad er Buosen (eller Buaneset), ein friluftsscene like ved elva Gaula. Staden er omtala i Snorres kongesoger.
Buosen ligg på Rognes cirka ei mil søraust for Støren i retning Røros.
IdrettslagEndra
- Støren Sportsklubb
- Sokna Idrettslag
- Rognes Idrettslag
- Budal Idrettslag
- Singsås Idrettslag
KorpsEndra
- Støren Skolekorps
- Støren Musikkorps
- Soknedal Skolekorps
- Budal Skolekorps
- Singsås Skolekorps
Kjende personar frå Midtre Gauldal kommuneEndra
- Marit Bjørgen, verdsmeister i langrenn, kjem frå Rognes
- Svein Tore Samdal, trenar for damelandslaget i langrenn
- Magnar Solberg, olympisk meister i skiskyting
- Henrik O. Anshushaug, skyttarkonge.
- Tor Lian, president i Det europeiske håndballforbundet
- Ole Reitan, kjøpmann (Soknedal)