Romaniotisk jødedom

Romaniotisk jødedom er den retninga av jødedommen som tradisjonelt blir praktisert av romaniotes — ei greskspråkleg jødisk gruppe som i dei siste hundreåra hovudsakleg har halde til i området kring vår tids Hellas og til ein viss grad Albania og Sør-Italia. Romaniotisk jødedom blir rekna som ei av dei retningane av jødedommen som har halde mest på tradisjonane frå Israel slik dei var føre dei kristne krosstoga øydela den attverande infrastrukturen i det jødiske samfunnet der.

Frå Kehila Kedosha Janina i New York, som følgjer romaniotiske ritar.

Blant typiske trekk i romaniotisk jødedom kan nemnast synagogearkitekturen med si bipolare planløysing: Tebáen (leseplattforma) ligg vanlegvis på motsett vegg i høve til hekhál (arka el. Toráskåpet). Torárullane blir tradisjonelt lagra i tikkím (sylindrar) heller enn i kapper.[1] Ein legg svært stor vekt på Talmúd jerusjalmí. Det er tradisjonelt relativt mykje bruk av jevanittisk, eller «jødegresk», som liturgisk språk ved sida av hebraisk.

Sidan slutten av 1400-talet har romaniotisk jødedom vorte mykje påverka av sefardisk jødedom etter at eit stort tal sefardiske jødar som var landsforviste frå Spania (1492) og i mindre grad Portugal (1497) flykta til Det osmanske riket.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Romaniote Jews», www.romaniotelegacy.org, henta 14. desember 2023 
  Denne jødedomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.