Opna hovudmenyen
Jødedommen
Star of David.svg
Skrifter
Tanákh
Torá · Nebiím · Ketubím )
medrásj · Mekhiltá
Haggadá · siddúr
Talmúd
Misjná · Jerusjalmí
Bablí · Toseftá
Emunót vede‘ót
Misjné Torá
Moré nebukhím
Sjulḥán ‘arúkh · Mappá
Me‘ám lo‘éz
S. jesirá · Bahír · Zohar
Gudsteneste og bøn
Tempelet i Jerusalem
synagoge · minján
sjaḥarít · musáf
minḥá · ne‘ilá · ʿarbít
Modé aní · Sjemá‘
torálesing
kaddísj · ‘amidá
prestesigninga
‘alénu
kiddúsj · hammosí
b. hammazón
habdalá
Merkedagar
det jødiske året
pesah · ‘omer · sjabu‘ót
tisj‘á beáb · seliḥót
rosj hasjaná · kippúr
sukkót · sjeminí ‘aséret
simhat Torá · hanukká
tu bisjbát · purím
Livssyklus
berít milá
pidjón habbén
zebed habbát
bar miṣvá · bat miṣvá
bryllaup
Rituelle yrke
rabbinar · ḥazzán
daján · gabbáj
sofér · sjoḥét
Daglegliv
halakhá · bet din
mat · kasjrút  sjeḥitá
mikvé · tebilá · sjabbát
tallét · tefillín
Kulturell inndeling
sefardisk · askenasisk
mizrahisk · jemenittisk
italkisk · romaniotisk
Beta Esrael · Bene Israel
cochini · b. Menasjé
Teologisk inndeling
samaritansk
karaittisk
rabbanittisk
ortodoks · ḥasidisk
konservativ · reform
rekonstruksjonistisk
renewal · humanistisk
 
Abrahamittiske rel.
Jødedom  kristendom
islam  bahá’í  sikhisme

Hekhál (hebr. הֵיכָל hēxāl) (sefardisk) eller aron hakkódesj (askenasisk) er arka eller torá-skåpet i ein synagoge. Hekhálen er eit stort skåp, ofte med fleire dører, som står plassert i sjølve synagogerommet midt på den veggen som vender mot Jerusalem. Hekhálen står oftast på ein opphøgd avsats som blir kalla dukhán.

FunksjonEndra

Hovudfunksjonen til hekhálen er oppbevaring av torárullane. Hekhálen er synagogens parallell til det aller heilagaste i Tempelet i Jerusalem og blir rekna som det heilagaste punktet i synagogen. Når dørene til hekhál blir opna reiser alle seg — og ein blir ståande til dørene blir lukka att.

FormEndra

I vesteuropeisk sefardisk tradisjon er det ikkje forheng (parókhet) framfor hekhál, men dette forhenget er i staden plassert innanfor dørene til hekhál. Dei fleste andre tradisjonar har eit forheng framfor hekhál som skjuler dørene det meste av tida.

Andre namnEndra

Dei fleste askenasiske jødar kallar hekhálen Aron hakkódesj. Dette namnet er òg noko bruka blant mizrahiske jødar. Ein del sefardiske jødar frå Balkan brukar namnet Hekhál hakkódesj.