Tebá
Tebá (hebr. תֵּבָה el. תֵּיבָה tēḇā) er det hovudsakleg sefardiske og italiensk-jødiske namnet på den opphøgde plattforma i synagogen med ein lesepult der torálesinga føregår.
Innsida av den portugisiske synagogen i Amsterdam, med tebáen i forgrunnen.
Andre namnEndra
BimaEndra
Askenasiske jødar, særleg frå Russland, kallar tebáen bima.
Almemmar, BalemmerEndra
Askenasiske jødar frå Tyskland og Polen seier gjerne almemmar eller balemmer.
PlasseringEndra
Attast i rommetEndra
I tradisjonelle sefardiske, provençalske, italienske og romaniotiske synagogar er tebáen vanlegvis plassert nærme atterenden av synagogerommet.
Midt i rommetEndra
I tradisjonelle askenasiske og mange mizrahiske synagogar er tebáen gjerne plassert nærme midten av synagogerommet.
Nærme hekhálEndra
I askenasiske ikkje-ortodokse synagogar, særleg i Nord-Amerika, er tebáen gjerne slegen saman med dukhán-området fremst i synagogerommet, nærme hekhál.