Romaniotiske jødar eller romaniotes (gresk Ῥωμανιῶτες, Rhomaniótes; hebraisk רומניוטים‎) er ei greskspråkleg jødisk folkegruppe som stammar frå dei austlege middelhavslanda.[1] Dei er eit av dei eldste jødiske samfunna som finst, og det eldste jødiske samfunnet i Europa. Romaniotane har vore, og er framleis, historisk forskjellige frå sefardar, men mange av desse slo seg ned i Hellas under osmanarane etter utvisinga av jødane frå Spania og Portugal etter 1492, og har påverka romaniotisk kultur.

Medlemmar av det romaniotiske samfunnet i Volos: Rabbinar Moshe Pesach (framme til venstre) og sønene hans. Før 1940.

Språket deira var jevanittisk, ein gresk dialekt som inneheldt hebraisk og nokre arameiske og tyrkiske ord, men dagens romanioter snakkar moderne gresk eller språka i dei nye heimlanda sine. Namnet deira er avleudd frå endonymet Rhomanía (Ῥωμανία), som viser til det austromerske riket (‘Romarriket’, Βασιλεία Ρωμαίων). Det fanst større romaniot-samfunn i mellom anna Salonika, Ioannina, Arta, Preveza, Volos, Chalcis, Thebes, Korinth, Patras og på øyane Korfu, Kreta, Zakynthos, Lesbos, Chios, Samos, Rhodos og Kypros.

Mange romaniotar utvandra frå Hellas til andre delar av Europa og Amerika mellom 1912 og 1920, då Hellas gjekk gjennom sosial uro under kampen for sjølvstende frå Det osmanske riket.[2]

Størstedelen av den jødiske folkesetnaden i Hellas blei drepen i Holocaust etter at aksemaktene okkuperte Hellas under andre verdskrigen og dei fleste jødane blei deporterte til nazistiske konsentrasjonsleirar. Etter krigen emigrerte dei fleste som overlevde til Israel, USA og Vest-Europa. I dag er det framleis romaniotiske synagogar i Khalkida (som representerer den eldste jødiske forsamlinga på europeisk jord), Ioannina, Veria, Aten, New York by og Israel.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Mattheou, Dimitris (8. april 2010). Changing Educational Landscapes: Educational Policies, Schooling Systems and Higher Education - a comparative perspective (på engelsk). Springer Science & Business Media. s. 160. ISBN 978-90-481-8534-4. 
  2. «Romaniote Jews», www.romaniotelegacy.org, henta 14. desember 2023