Romas Ubartas
Romas Ubartas (fødd 26. mai 1960) er ein tidlegare diskoskastar frå Litauen. Ubartas representerte Sovjetunionen fram til unionsoppløysinga i 1990. Ubartas har ein personleg rekord på 70,06 frå 1988.[1]
Romas Ubartas | |
Statsborgarskap | Litauen |
Fødd | 26. mai 1960 (64 år) Panevėžys |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988 |
Utmerkingar | Idrettens mester i Sovjetunionen |
Romas Ubartas deltok for Sovjetunionen under sommar-OL 1988 i Seoul. Her tok han sølvmedaljen bak austtyske Jürgen Schult og framfor vesttyske Rolf Danneberg.[2] I sommar-OL 1992 i Barcelona tevla Ubartas for Litauen. Her tok han for fyrste gong olympisk gull framfor Schult og cubanske Roberto Moya.[3]
Ubartas deltok også under sommar-OL 2000 i Sydney, men rauk ut i kvalifiseringa.[4]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Romas Ubartas» frå Wikipedia på tysk, den 10. august 2012.
Fotnotar
endreBakgrunnsstoff
endre- «Romas Ubartas» (på engelsk). Olympedia. Henta 8. mars 2023.