Opna hovudmenyen

Ronald Weigel (fødd 8. august 1959) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Hildburghausen i delstaten Thüringen som i 1983 vart verdsmeister i 50 km kappgang. Sidan vann han sølvmedaljar på 50 km ved VM 1987 og både på 20 km og 50 km under Sommar-OL 1988, til sist fekk han OL-bronse på 50 km i 1992. Weigel representerte Aust-Tyskland til 1990, frå 1991 det samla Tyskland.

Ronald Weigel
Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 8. august 1959
Hildburghausen
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

Weigel vann gullmedaljen i 50 km kappgang under den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett i Helsinki i 1983. Fire år seinare kjempa han iherdig med å forsvare VM-tittelen på distansen då VM 1987 fann stad i Roma, men måtte sjå seg frågått av landsmanen Hartwig Gauder. Året etter gjekk Weigel inn til sølvmedaljar i begge kappgangøvingane under dei olympiske sommarleikane i Seoul, på 20 km kom han i mål tre sekundar bak gullmedaljør Jozef Pribilinec frå Tsjekkoslovakia, medan han på 50 km vart slått med 27 sekundar av den olympiske meisteren, Vjatsjeslav Ivanenko frå Sovjetunionen. I dei neste somnmarleikane, i Barcelona i 1992, sikra han seg bronsemedaljen på 50 km.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

  • VM 1983 i Helsinki: Gullmedalje på 50 km – 3.43.08, framom José Marín (3.43.42)
  • VM 1987 i Roma: Sølvmedalje på 50 km – 3.41.30, bakom Hartwig Gauder (3.40.53)
  • OL 1988 i Seoul: Sølv på 20 km – 1.20.00 og på 50 km – 3.38.56
  • EM 1990 i Split: Nr 9 på 50 km – 4.04.36
  • OL 1992 i Barcelona: Bronsemedalje på 50 km – 3.53.45

KjelderEndra