Opna hovudmenyen
Root Beer Rag
av Billy Joel
frå albumet Streetlife Serenade
A-side «Big Shot» (US)
«Until the Night» (UK)
«Honesty» (Japan og andre)
Utgjeve 11. oktober 1974 (album)
1979 (singel)
Innspelt Devonshire Sound, North Hollywood
Sjanger Ragtime
Lengd 2:59
Selskap Columbia Records
Låtskrivar(ar) Billy Joel
Produsent Michael Stewart

«Root Beer Rag» er ein song av Billy Joel frå 1974 på albumet Streetlife Serenade. Det er ein instrumental som vert spelt i ein særs rask ragtime-stil, og vart seinare gjeven ut som B-sida til fleire singlar frå albumet 52nd Street, mellom andre «Big Shot» i USA, «Until the Night» i Storbritannia og «Honesty» i Japan og somme europeiske land. Eit konsertopptak var med på ein DVD som følgde 30-årsjubileet til The Stranger.

Den originale versjonen til Joel vart nytta som kjenningsmelodi for sportsprogram i 1980-åra på New Zealand. Han vart òg nytta i 80-åra på Radio Bayern 3 i Tyskland for eit show kalla Musikbox. Songen er spelt i C-dur og er ein av tre instrumentalar som Joel har gjeve ut.

«Root Beer Rag» var òg namnet på eit nyhendebrev for Billy Joel som vart publisert i 1970-åra og tidleg i 1980-åra.

Joel snakka om songen:

Eg fekk min første Moog synthesizer. Dette var i midten av 70-åra og eg hadde fått min første Moog og tok han med på alle platene. Eg sa 'Eg må skrive ein instrumental der eg kan bruke denne synthesizeren. Det skapte på eit vis ein avsky for synthesizerar etter det. Det var derfor eg skreiv denne songen. Rett og slett av tåpeleg nytingssjuke.[1]

Allmusic-kritikaren Stephen Thomas Erlewine skreiv at «Root Beer Rag» var «riktinok morosam» og at han var inspirert av filmen The Sting og den Scott Joplin-baserten filmmusikken i den filmen.[2]

Andre versjonarEndra

KjelderEndra

  1. Joel, Billy. An Evening of Questions & Answers and Perhaps a Few Songs. Video.
  2. Erlewine, S.T. «Streetlife Serenade». Allmusic. Henta 2014-03-28. 
  3. Video of Wise Guys performing «Root Beer Rag» live on TVYouTube