Scott Joplin

amerikansk toneskapar og pianist

Scott Joplin (18681. april 1917) var ein USA-amerikansk toneskapar og pianist. Han er vide kjend for sine ragtime-komposisjonar. Mellom 1895 og 1917 laga han 44 ragtime-melodiar, ein ragtime-ballett og to operaer. Ein av dei fyrste melodiane han laga, Maple Leaf Rag, vart sjølve signatur-melodien for ragtime-musikken.

Scott Joplin

Fødd24. november 1868
FødestadTexarkana
Død1. april 1917 (48 år)
DødsstadNew York by
AliasThe King of Ragtime, Vua của Ragtime
OpphavUSA
Aktiv1895–1917, 1917
Sjangerragtime
Instrumentpiano, gitar, fiolin, kornett
Verka sompianist, komponist, banjospelar, jazzmusikar
PrisarPulitzer-prisens særskilte hederbevisninger og utmerkelser

Liv og gjerning endre

«Maple leaf rag» framført av Scott Joplin i 1916.
«The Entertainer» utført av Adam Cuerden.

Joplin var fødd seint i 1867, eller tidleg i 1868, i Nordaust-Texas, der far hans arbeidde på jarnbaneanlegg. Gjennom si eiga musikalske familie, og framhjelpt av lokale lærarar, utvikla han sine musikalske evner. I 1880-åra busette Joplin seg i Texarkana, der han dannna ein songkvartett, og underviste i mandolin- og gitarspel. Vel 20 år gammal slutta han med jarnbanearbeid. Dei neste åra reiste han rundt i dei amerikanske sørstatane og heldt konsertar på ei mengd ulike tilstellingar og stader. I 1893 tok han turen til verdsmessa i Chicago, innleiinga til den suksessen som skulle vert ragtime til del i 1897 og utover.

Joplin byrja gje ut musikkstykke i 1895. Med utgjevinga av «Maple Leaf Rag» i 1899 oppnådde han nasjonalt ry. Nett den melodien fekk ein sterk og varande innverknad på ragtime-stilen. Samstundes gav det komponisten ei stabil inntekt resten av livet, men ettersom Joplin aldri sidan hadde like stor suksess med seinare verk, hadde han ofte økonomiske vanskar. Åra 1901-07 budde han i St. Louis, der han heldt fram med å komponere, og jamleg opptredde med musikken sin. «The Entertainer» frå 1902 er den mest kjende melodien frå denne tida. Frå 1907 budde Joplin i New York City. I 1916 forfall han til demens, som eit utslag av syfilis. Han vart i januar 1917 innlagd på ein psykiatrisk institusjon, der han døydde tre månader seinare, 49 år gammal.

Etter at Joplin døydde, vart ragtime-musikk fortrengd frå musikkscena av nye stilretningar som stride, jazz og swing. Musikken hans vart gjenoppdaga tidleg i 1970-åra, fyrst gjennom eit musikkalbum av Joshua Rifkin, og deretter som filmmusikk i den populære spelefilmen Stikket (The Sting).

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Scott Joplin
  Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Scott Joplin