Sorrow av The McCoys

Sorrow
Singel av David Bowie
frå albumet Pin Ups
B-side

«Amsterdam» (Brel, Shuman)

Språk engelsk
Utgjeve Oktober 1973
Innspelt Château d'Hérouville i Hérouville i Frankrike, juli 1973
Sjanger Rock
Lengd 2:53
Selskap RCA
2424
Komponist Bob Feldman, Jerry Goldstein, Richard Gottehrer
Tekstforfattar Bob Feldman, Jerry Goldstein, Richard Gottehrer
Låtskrivar(ar) Bob Feldman, Jerry Goldstein, Richard Gottehrer
Produsent Ken Scott, David Bowie
David Bowie-kronologi 
«Life on Mars?»
(1973)
Sorrow «Rebel Rebel»
(1974)


«Sorrow» er ein song først innspelt av The McCoys. Han vart ein stor hit i Storbritannia i ein versjon av The Merseys, som nådde 4. plass den 28. april 1966. Ein versjon av David Bowie vart òg ein hit i 1973.

Songen inneheld teksten «with your long blonde hair and your eyes of blue», som sidan dukka opp på The Beatles-songen «It's All Too Much» frå Yellow Submarine.

David Bowie-versjonen endre

David Bowie si utgåve av «Sorrow» var den einaste singelen hans frå Pin Ups. Singelen nådde 3. plass i Storbritannia og låg på lista i 15 veker. B-sida «Amsterdam», var ein coverversjon av ein Jacques Brel-song (opphavleg kalla «Port of Amsterdam»), og hadde vore spelt av Bowie på konsertar sidan 1969. Han vart spelt inn i 1971 for albumet Ziggy Stardust, men kom ikkje med på den endelege utgjevinga. I Frankrike vart «Amsterdam» gjeven ut som A-sida.

Bowie framførte songen på hans 1980 Floor Show i 1973, og på somme av konsertane sine i 1974 og 1983.

Innhald endre

  1. «Sorrow» (Bob Feldman, Jerry Goldstein, Richard Gottehrer) – 2:53
  2. «Amsterdam» (Jacques Brel, Mort Shuman) – 2:39

Den spanske utgåva av singelen hadde «Lady Grinning Soul» som B-side.

Medverkande endre

Andre utgjevingar endre

Kjelder endre