Rosenkrantz' gate

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Rosenkrantz gate.

Koordinatar: 59°54′49.658″N 10°44′19.651″E

Rosenkrantz' gate (med apostrof etter z-en) er ei nord-sørgåande gate i sentrum av Oslo, mellom C.J. Hambros plass (som i tida 1898-1966 hadde namnet Rosenkrantz' plass) og Rådhusplassen. Gata fekk namnet i 1852 etter statsråd og riksbankdirektør Marcus Gjøe Rosenkrantz (1762-1838).

Rosenkrantz' gate sett mot sør med litt av Bøndenes Hus til venstre heilt i forgrunnen, deretter Oslo Nye Teater og nede mot gatehjørnet litt av Grand Hotel i Karl Johans gate 31.
Rosenkrantz' gate sett mot nord frå Rådhusplassen.

Den nordlege parten av gata, fram til Karl Johans gate, går gjennom det som tidlegare hadde vore Rosenkrantzhaven. Parten ned mot sjøen vart opparbeidd seinare, i 1850-åra. Gata går her tvers over det som tidlegare hadde vore Grünings løkke, og hadde fram til 1864 namnet Prestegaden.

I Rosenkrantz' gate ligg mellom anna Bøndernes Hus, bygd i 1913 som Hotell Bondeheimen, der Det norske Teatret hadde sin teatersal i 1913-1931 og 1934-1941 (Rosenkrantz' gate 8), Oslo Nye Teater (Rosenkrantz' gate 10) og Dampcentralen (Rosenkrantz' gate 14). Dampcentralen var det fyrste kommunale kraftverket i Oslo, skipa i 1892. No har bygningen namnet Vika varmesentral og er ein del av fjernvarmesystemet i byen.

Kjelder endre