Dampcentralen i Oslo

Dampcentralen i Oslo var det fyrste kommunale elektrisitetsverket i Oslo, bygd i 1892 av Christiania Elektricitetsværk, som vart skipa av Christiania (Oslo) kommune dette året. Verket var eit kolkraftverk, og låg i sentrum av Oslo, i ein staseleg bygning i Rosenkrantz' gate 14 som framleis eksisterer i ombygd tilstand, teikna av arkitekt Holm Hansen Munthe. Bygningen vart mellom anna utstyrt med ein monumental portal i grorudgranitt.

Oslo Lysverkers dampkraftverk i Rosenkrantz' gate 14 i Oslo, «Dampcentralen», er frå 1892, men ombygd seinare, fotografert i 2016.
Kraftverket fotografert i 1905

Kraftverket produserte berre likestraum til å byrje med, og var ikkje i stand til å levere kraft utanfor ein radius på 1 200 meter. Tre dampmaskiner dreiv generatorar med ein effekt på 900 kW, og spenninga var på 240 volt. Desse fyrste dampmaskinene var laga i Stuttgart i Tyskland, ein fjerde vart bygd på Nylands Verksted i Oslo. I 1895, tre år etter at verket var sett i drift, hadde det 473 abonnentar, i 1900 var talet kome opp i 1 517. Prisen for straum til lys var 75 øre per kWh (kilowatt-time) i 1893, og produksjonskostnadene 42 øre. I 1900 var prisen kome ned på 50 øre per kWh, og produksjonskostnadene var på 14 øre [1].

I 1900 vart vasskraftverket i Maridalen, Hammeren kraftstasjon, sett i drift for å levere all den straumen Oslo, etter dåtidas meining, skulle komme til å trenge i all framtid. Etter at vasskraft med tida vart dominerande i elektrisitetsproduksjonen, vart Dampcentralen i Rosenkrantz' gate omgjort til eit suppleringskraftverk.

Vika varmesentral endre

Då fjernvarme kom til, vart Dampcentralen ombygd for å fungere som supplement til dei søppelforbrenningsanlegga og andre varmesentralar i Oslo som leverer fjernvarme til byen, det vil seie å sende oppvarma vatn gjennom eit nett av røyrleidningar i ein lukka krins for at kvar bygning som er knytt til dette nettet kan hente ut varme av vatnet til sitt eige oppvarmingsanlegg gjennom ein varmevekslar. Dampcentralen har no namnet Vika varmesentral, og fungerer berre som ein såkalla spisslastsentral som vert fyrt med elektrisk kraft og olje. Sentralen vert såleis berre nytta når oppvarminga av vatnet i fjernvarmeanlegget ikkje vert dekt fullt ut av andre sentralar, og då med fornybar energi så langt det er mogleg. Kapasiteten ved Vika varmesentral er 100 MW elektrisk straum og 50 MW olje[2].

Fotnotar endre

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.