Rosguill (irsk Ros Goill) er ei halvøy nordvest i County Donegal. Sheephaven Bay ligg på eine sida med roleg sjø og krittkvite strender, medan Mulroy Bay ligg på andre sida med sine lunefulle sandbankar. Sjølve halvøya består av åsar, myrområde, beitemarker og restar av eldgamle festningsverk.

Rosguill
Gainne Mhor frå Carraigart
Land  Irland
Kart
Rosguill
55°12′00″N 7°50′00″W / 55.2°N 7.83333333°W / 55.2; -7.83333333
Wikimedia Commons: Rosguill

Historie

endre
 
Stranda ved Dooey

Området er segnomsust og namnet på halvøya kjem visstnok frå då Fionn mac Cumhaill til slutt oppnådde rettferd ved å ta livet av Goll mac Morna, som hadde drepe far hans. Dette skal i følgje segna ha funne stad ved ei klippe kalla Carraic Ghoill (engelsk Carrickguill) utanfor distriktet Dooey. Heile området vart kalla Gollneset eller Rosgoill.

Deirdre og Naoise skal visstnok ha slått leir på stranda ved Tramore då dei flykta frå Conchobar mac Nessa, kongen av Ulster og Riddarane av Red Branch.

Det høgaste punktet på halvøya er Gainne Mhor ved søstertoppen Gainne Bheag. Namnet kjem frå Gráinne, Fionn mac Cumhaill sin trulova og elskaren til Diarmuid Ua Duibhne. Medan ho flykta frå Fionn Fianna-krigarane sine på veg til Skottland fortel segna at ho kvilte på denne åsen.

Seint på 300-talet slo son til Niall Noigíallach, Conall Gulban (som har gjeve opphav til County Donegal, Tír Conaill), krigarane til Ulaid ved Ballyshannon og Barnesmore. Styrkane til Conall jaga dei flyktande ulstermennenen gjennom Goll (Rosguill), Crích Chloinne Rosa, Crích Ua nDuach og Caim-Fhersaid Mhór til breidda av Lough Foyle. Conalll Gulban og bror hans Eógan blei forfedrane til høvesvis kongane av Tír Conaill (Tyrconnell) og Tír Eógain (Tyrone).

Kjelder

endre

55°12′N 7°50′W / 55.200°N 7.833°W / 55.200; -7.833