Rotsund (nordsamisk: Guohcanuorri, kvensk: Nuora) er ei bygd i Nordreisa kommune i Troms. E6 passerer gjennom bygda, som ligg ved det sørlege innløpet til Rotsundet, ein fjordarm av Lyngenfjorden. Frå Rotsund er det 20 km i søraustleg retning til kommunesenteret Storslett. Rotsund kapell ligg i bygda.

Rotsund
stad
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Nordreisa
Kart
Rotsund
69°46′39″N 20°35′22″E / 69.7775°N 20.58944444°E / 69.7775; 20.58944444
Wikimedia Commons: Rotsund

Før bygda fekk vegsamband med utomverda var Rotsund ein dampskipstoppestad i det dåverande Skjervøy herad, 91 km sjøveg aust-nordaust for Tromsø. I dag går det ferje frå Rotsund over Rotsundet til ferjestadene Hamnnes og Klauvnes på Uløya.

Kjelder

endre
  • Norsk Allkunnebok. IX. Bandet. 1960

Bakgrunnsstoff

endre