Uløya
Lokalt namn: Ulisuolu
Geografi
Norway - Uløya.png
Stad Lyngen
Koordinatar 69°51′N 20°36′EKoordinatar: 69°51′N 20°36′E

Areal 78 km²

Høgaste punkt Blåtinden (1142 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Troms

Uløya (nordsamisk Ulisuolu) er ei øy i Skjervøy og Nordreisa kommune i Troms. Øya ligg på austsida av Lyngenfjorden. Uløya har eit areal på 78 km² og det høgaste punktet på øya er Blåtinden på 1142 moh.

Heile Uløya låg i Skjervøy kommune frå 1886 då Nordreisa vart skild ut frå Skjervøy, til 1972. I 1972 vart den sørlege delen av øya overført til Nordreisa.

På sørvestspissen av Uløya ligg handelsstaden Havnnes (Hamnnes). Staden er mellom anna kjend som heimstaden til «Mor Lyng» (Olivia Fredrikke Lyng) i første halvdel av 1800-talet. Handelsstaden har vore eigd av familien Giæver sidan 1868. I dag har Havnnes om lag 65 innbyggjarar.

På austsida av Uløya ligg bygdene Uløybukt og Klauvnes.

Det er ferjesamband mellom Havnnes og Klauvnes på Uløya, og Rotsund på fastlandet.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra