Rovde kyrkje ligg på Rovdestranda i VanylvenSunnmøre. Ho vart bygd av byggmeister Lars Tornæs frå Ålesund i 1872.

Rovde kyrkje
Rovde kirke
Rovde kyrkje
Foto: Henny Stokseth
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Søre Sunnmøre
Sokn Rovde
Fellesråd Vanylven
Type Langkyrkje
Material Tre
Innvigd 2. november 1872
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 350
Kart
Rovde kyrkje
62°10′35″N 5°44′24″E / 62.1763°N 5.7399°E / 62.1763; 5.7399
Wikimedia Commons: Rovde kirke

Kyrkja vart vigsla 3. november 1872.

I 1936 vart kyrkja dekorert av Jonas Peson.

Tidlegare kyrkjer endre

Kyrkja som står i dag er den tredje kyrkja ein kjenner til på denne staden. PÅ 1300-talet finn ein Raudvinjar kirkja omtala. Ho var truleg frå tidleg kristen tid.

Denne eldste kyrkja var stavkyrkje. I opplysningar frå 1722, då kyrkja skulle aksjonerast bort, ser ein at kyrkja var bygt i to omgangar. Eit tømra skip, og eit stavbygt kor. Koret hadde skråstøtter eller skorder utvendig. Det hadde dei fleste stavkyrkjene på Sunnmøre, og er eit typisk trekk for den "mørske stavkyrkja". I dag finn vi denne byggemåten i stavkyrkjene på Rødven og Kvernes.

Den gamle stavkyrkja vart erstatta av ei tømmerkyrkje i 1832. Ho stod i berre 40 år. Då vart ho seld. Tømmeret vart brukt i ei sjøbuSandsøya.

Altartavlene endre

Rovde kyrkje har ikkje vore eigar av kyrkjegods. Ho har gjennom tida fått ein del vakre gåver frå privatpersonar.Ein del av det finn vi i Rovde kyrkje i dag. Mellom anna har kyrkja fire altartavler. Den eldste altartavla er den såkalla katekismetavla. Ho er datert 1580 og er eldste lutherske inventardelen på Sunnmøre. Tavla har ikkje bilete, men tekst som er henta frå den lutherske katekisma. Ho heng på veggen bak preikestolen.

Ei anna tavle i barokk stil er datert 1700. Midtfeltet viser Nattverden, med ein figur på kvar side. Denne tavla er uvanleg lita. Truleg kjem det av at koret i stavkyrkja var lite og lågt. Dette er ei privat gåve frå handelsmann Ove Carstensen Foss og kona Maren Hansdotter Hellekande. Av gjevarane er det i kyrkja ei minnetavle, eit epitafium. Den er i same stil og frå same årstal.

Ein trekors som var altartavle frå 1872 til 1883 er dag plassert på kyrkjeloftet.

Altarutstyr endre

Kyrkja har i dag ein del altarutstyr frå den eldste kyrkja:

Ein gammal altarkalk av sølv frå om lag 1600. Han er gjort større ved at det er påskøytt eit stykke.

To lysestakar av messing frå 1630.

To tinnlysestakar frå 1600-talet.

Eit lite trekrusefiks frå 1700-talet.

Kjelder endre

  • Øystein Ekroll: Rovde kyrkje: «Den fattigste av alle kirker» - mellom dei rikaste på historiske minnesmerke. Årbok for Sunnmøre 2007

Bakgrunnsstoff endre