Royal Botanic Gardens i Kew

Royal Botanic Gardens i Kew, i daglegtale ofte kalla Kew Gardens, er eit omfattande hageanlegg med store botaniske drivhus mellom Richmond upon Thames og Kew i sørvestlege London. Kew Gardens fekk status som verdsarvstad i juli 2003.

Royal Botanic Gardens i Kew

Pagoden i Royal Botanic Gardens i Kew
LandStorbritannia
Innskriven ved UNESCOs 27. sesjon i 2003.
Referansenr. 496.
Kriterium:KULTUR (I)(II)(VI)
Sjå ògVerdsarvstader i Europa
BakgrunnsstoffRoyal Botanic Gardens i Kew ved unesco.org

Historie endre

Anlegget har opphav frå den eksotiske hagen ved Kew House grunnlagt av Lord Capel av Tewkesbury. Denne blei utvida av prinsesse Augusta, som var enkje etter Fredrik, prins av Wales. Georg III utvikla hagane med hjelp av William Aiton og Joseph Banks. Det gamle Kew House blei rive i 1802. Det tilstøytande Dutch House blei kjøpt av Georg III i 1781 som dagheim for dei kongelege borna. Huset er ein enkel mursteinsbygning som i dag har namnet Kew Palace.

 
Palm House

I 1840 fekk anlegget status som nasjonal botanisk hage. Under den nye direktøren for parken, William Jackson Hooker, blei hageanlegget utvida til 30 hektar og arboretet til 109 hektar, og seinare til den noverande storleiken på 121 hektar. Der er fleire drivhus og vinterhagar, eit herbarium og eit bibliotek her.

Trass i ugunstige vekstforhold, som atmosfærisk ureining frå London, tørr jord og lite regn, er Kew Gardens ei av dei mest innhaldsrike plantesamlingane i Storbritannia. I eit forsøk på å utvida samlinga under betre tilhøve har Kew oppretta to utestasjonar, ved Wakehurst Place i Sussex og Bedgebury Pinetum i Kent.

På 1800-talet prøvde ein å dyrka gummitre i eit forsøk på spreia dei utanfor Sør-Amerika. Kew har eit av dei viktigaste frømagasinene og samarbeider med Harvard universitet og det australske nasjonalherbariet for å byggja eit autoritativt oversyn over planteterminologi.

Publikum har tilgang til anlegget, men må betala inngangspengar. Den næraste jernbanestasjonen er Kew Gardens stasjon, medan Kew Bridge stasjon ligg i gangavstand nord for parken.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Royal Botanic Gardens i Kew