Eurovision Song Contest 1960
Eurovision Song Contest 1960 (ESC 1960) var den femte gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Konkurransen vart halden i Royal Festival Hall i London i Storbritannia. Finalen fann stad fredag 25. mars. Frankrike vann konkurransen med songen «Tom Pillibi», framført på fransk av Jacqueline Boyer.
Eurovision Song Contest 1960 | ||||
---|---|---|---|---|
Dato | ||||
Vertskap | ||||
|
||||
|
||||
Varigskap | ||||
Opningsnummer | ||||
Pausenummer | ||||
Bidrag | ||||
|
||||
|
||||
Kart | ||||
Røysting | ||||
|
||||
Eurovision Song Contest | ||||
|
Nederland som eigentleg skulle halde konkurransen sidan dei vann året før, avstod sidan dei hadde vore vertsnasjon allereie i 1958.
Noreg deltok i Eurovision Song Contest for fyrste gong dette året, medan Luxembourg kom tilbake etter å ha trekt seg frå konkurransen i 1959.
BidragaEndra
FinaleEndra
- Finalen vart halden den 25. mars 1960 i Royal Festival Hall.
- Frankrike vann konkurransen for andre gong.
- Noreg og Vest-Tyskland kom på ein delt 4. plass.
- Sveits og Italia kom på ein delt 8. plass.
- Sverige og Danmark kom på ein delt 10. plass.
- Far til Jacqueline Boyer, Jacques Pills, representerte Monaco i 1959.
Nr. | Land | Artist | Song | Språk | Plass | Poeng |
---|---|---|---|---|---|---|
1. | Storbritannia | Bryan Johnson | «Looking High, High, High» | Engelsk | 2 | 25 |
2. | Sverige | Siw Malmkvist | «Alla andra får varann» | Svensk | 10 | 4 |
3. | Luxembourg | Camillo Felgen | «So laang we's du do bast» | Luxembourgsk | 13 | 1 |
4. | Danmark | Katy Bødtger | «Det var en yndig tid» | Dansk | 10 | 4 |
5. | Belgia | Fud Leclerc | «Mon amour pour toi» | Fransk | 6 | 9 |
6. | Noreg | Nora Brockstedt | «Voi Voi» | Norsk og finsk | 4 | 11 |
7. | Austerrike | Harry Winter | «Du hast mich so fasziniert» | Tysk | 7 | 6 |
8. | Monaco | François Deguelt | «Ce soir-là» | Fransk | 3 | 15 |
9. | Sveits | Anita Traversi | «Cielo e terra» | Italiensk | 8 | 5 |
10. | Nederland | Rudi Carrell | «Wat een geluk» | Nederlandsk | 12 | 2 |
11. | Vest-Tyskland | Wyn Hoop | «Bonne nuit ma chérie» | Tysk | 4 | 11 |
12. | Italia | Renato Rascel | «Romantica» | Italiensk | 8 | 5 |
13. | Frankrike | Jacqueline Boyer | «Tom Pillibi» | Fransk | 1 | 32 |
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «ESC 1960» frå Wikipedia på bokmål og VG.no, den 1. februar 2011.