Royal Navy
Storbritannias marine
(Omdirigert frå Royal Navy Hydrographic Survey Unit)
Royal Navy, forkorta til RN (norsk: Den kongelege marinen) er Storbritannias marine, og den eldste forsvarsgreina i landet. Han opererer eit stort tal fartøy og mellom desse er hangarskip, jagarar og fregattar, 15 atomubåtar i tillegg til luftfartøy og Storbritannias amfibiske infanteri, Royal Marines. RN er den største marinen i Vest-Europa.
Organisasjon
endreRN ligg under det britiske forsvarsministeriet og vert administrert av Admiralitetsnemnda (Admiralty Board), som består av toppleinga i RN og forsvarsministeriet.
RN vert forvalta internt av Marinestyret (Navy Board) som består av dei øvste offiserane i marinen. Den øvste offiseren i teneste vert kalla First Sea Lord og er ein firestjerners admiral.
RN har fire operative greiner:
- Fleet Air Arm (Marinens flyteneste)
- Royal Marines (Marineinfanteriet)
- Surface Fleet (Overflateflåten)
- Submarine Service (Ubåttenesta)
Bakgrunnsstoff
endre- Royal Navy Arkivert 2006-03-03 ved Wayback Machine.