Ruhi Sarıalp
Ruhi Sarıalp (15. desember 1924–3. mars 2001) var ein tyrkisk friidrettsutøvar frå Manisa. Han var den fyrste tyrkisk friidrettsutøvaren som vann ein olympisk medalje og den fyrste som tok ein EM-medalje.
Ruhi Sarıalp | |
Statsborgarskap | Tyrkia |
Fødd | 15. desember 1924 Manisa |
Død | |
Yrke | friidrettsutøvar, militær |
Språk | tyrkisk |
Høgd | 180 centimeter |
Sarıalp byrja med friidrett ved ein militær høgskule i Konya. I 1945 sette han sin fyrste tyrkisk rekord i tresteghopp. Under Sommar-OL 1948 i London kom på tredjeplass i tresteg-tevlinga med eit hopp på 15,02 metter, svenske Arne Åhman vann med 15,40 m framom australske George Avery, 15,36 m.
To år seinare vann Sarıalp ein ny bronsemedalje i tresteghopp. Med 14,53 meter viste han norske Rune Nilsen til fjerdeplassen under EM i friidrett 1950 i Brussel, med ein margin på tre centimeter.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ruhi Sarıalp» frå Wikipedia på engelsk, den 6. august 2015.