Widnes er ein industriby i distriktet Halton i Cheshire i England med om lag 55 000 innbyggjarar. Han ligg på nordsida av elva Mersey der estuaret smalnar til og dannar Runcorn Gap. Like sør på andre sida av Mersey ligg byen Runcorn. Oppoverelva og 13 km mot aust ligg byen Warrington og nedover mot elva mot vest ligg Liverpool. Byen var historisk ein del av Lancashire, og kom seinare inn under Cheshire for administrative føremål i 1974.

Widnes

Spike Island
Spike Island
Spike Island
Plassering
Widnes is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Cheshire
Distrikt Halton
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

56 144
Koordinatar 53°22′N 2°44′W / 53.367°N 2.733°W / 53.367; -2.733
Diverse annan informasjon
Postnummer WA8
Telefon-retningsnummer 0151
Commons har multimedium som gjeld: Widnes

Før den industrielle revolusjonen bestod Widnes hovudsakleg av fleire små fråskilde busetnader i eit område som hovudsakleg bestod av myr- og lyngheilandskap. I 1847 vart den første kjemiske fabrikken oppretta i byen og han voks raskt som eit stort senter for kjemisk industri. Etterspurnaden etter arbeidskraft gjorde at mange arbeidarar frå Irland, Polen, Litauen og Wales flytta til byen. [1][2] Byen produserer framleis kjemikaliar.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Widnes» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juli 2011.
  • Hardie, D. W. F. (1950), A History of the Chemical Industry in Widnes, London: Imperial Chemical Industries Limited
  1. Morris 2005, s. 27–141.
  2. Whimperley 1991, s. 111, 133.

Bakgrunnsstoff endre