Opna hovudmenyen

To runeinnskrifter er kjende frå den bysantinske kyrkja Hagia Sofia. Forskarar reknar med at dei er rista av væringar i Konstantinopel (dagens Istanbul) på 1000-talet.

Halvdan-runene

Den første runeinnskrifta blei oppdaga i 1964 på handlista til balustraden i det øvste galleriet på sørsida. Funnet blei beskrive av Elisabeth Svärdström i Fornvännen nr. 65, 1970. Av inskripsjonen er berre delar av førenamnet Halvdan leseleg som -alftan. Det vanlegaste formularet for runeinnkrifter i vikingtida var «NN rista desse runene», og det er mogleg at innskrifta i Hagia Sofia følgde denne malen.

I den same balustraden oppdaga svensken Folke Högberg i 1975 ei runeinnskrift til. Innskrifta blei gjenoppdaga i 1988 av Mats G. Larsson, som publiserte den i tidsskriftet Fornvännen nr. 84, 1989. Han klarte ikkje å tolka kva som stod i denne innskrifta, men han las ari:k. I følgje Larsson var dette byrjinga på «Are rista desse runene».

Högberg gjorde først ei anna lesing og fekk i 1997 støtte av Svein Indrelid, som i staden tolka inskripsjonen som Árni, det vil seia Arne, ein enkel signatur eller tag. Denne tolkninga blir i dag vurdert som meir sannsynleg enn Larsson si.

Dette syner oss at dei norrøne laga graffiti medan dei oppheldt seg i Miklagard.

BakgrunnsstoffEndra