Opna hovudmenyen
Balustrade ved Bridgegate i Chester.

Balustrade (frå fransk, avleidd av baluster) er eit rekkverk eller dekorativt arkitektonisk element laga av fleire balustrar, handlist og fotlist. Det kan brukast både innan- og utandørs, og kan ofte danna brystning eller rekkverk langs kanten av golv eller terrasse eller langs bruer og trapper. Balustradar er ofte av stein eller mur, men kan også vera av tre eller metall.

KjelderEndra

  • «Balustrade» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Henta 31. januar 2014.
  Denne arkitekturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.