Russeifa
Russeifa, òg skrive Russiefa, (arabisk الرصيفة) er ein by i Zarqa guvernement i Jordan. Han hadde eit folketal på kring 280 000 (2009) og er den fjerde største byen i Jordan etter Amman, Irbid og Zarqa.
Russeifa | |||
مدينة الرصيفة | |||
by | |||
Russeifa
| |||
Land | Jordan | ||
---|---|---|---|
guvernement | Zarqa guvernement | ||
Høgd | 700 moh. | ||
Koordinatar | 32°1′4″N 36°2′47″E / 32.01778°N 36.04639°E | ||
Areal | 38 km² | ||
Folketal | 280 000 (2010)[1] | ||
• storby | 500 000 | ||
Folketettleik | 7 368 / km² | ||
kommune sidan | 1957 | ||
Retningsnummer | +(962)5 | ||
Russeifa 32°01′04″N 36°02′47″E / 32.017777777778°N 36.046388888889°E | |||
Kart som viser Russeifa.
| |||
Wikimedia Commons: Russeifa | |||
Nettstad: http://www.russifah.gov.jo/ |
Geografi
endreByen Russeifa ligg sentralt i Jordan ved Zarqaelva og hovudvegen mellom Amman og Zarqa. Dei tre byane Amman, Zarqa og Russeifa dannar eit stort storbyområde, det nest største storbyområdet i Levanten etter Damaskus. Byen høyrer til Zarqa guvernement. Sidan han ligg nær Amman og Zarqa husar han fleire tungindustriar.
Demografi
endreI folketeljinga i 2004 hadde Russeifa 268 237 innbyggjarar.[2]
Bydelar i Russeifa kommune
endreStorbyområdet er delt inn i fem distrikt:
Distrikt | Arabisk namn | Areal (Km2) |
---|---|---|
Hitteen distrikt | منطقة حطين | 6.51 |
Ameriyya distrikt | منطقة العامرية | 5.0 |
Yarmouk distrikt | منطقة اليرموك | 3.0 |
Qadessiyya distrikt | منطقة القادسية | 4.0 |
Rasheed distrikt | منطقة الرشيد | 8.0 |
Økonomi
endreByen er kjend for fosfat-gruveindustrien sidan 1935, først oppdaga av Amin Kamel Kawar,[3] Selskapet Jordan Phosphate Mines vart grunnlagd av Kawar og driv fosfatgruvene i Russeifa.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Russeifa» frå Wikipedia på engelsk, den 7. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Russeifa City website, arkivert frå originalen 20. august 2018, henta 7. oktober 2015
- ↑ 2004 Census (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 22. juli 2011, henta 7. oktober 2015
- ↑ Amin K. Kawar Biography, arkivert frå originalen 14. mars 2014, henta 7. oktober 2015