Rutland
Rutland er eit grevskap i England, som grensar i vest og nord til Leicestershire, i nordaust til Lincolnshire og i søraust til Peterborough.
Rutland | |
---|---|
Motto: Multum in parvo («Mykje i lite») | |
![]() | |
Geografi | |
Status | Seremonielt grevskap og sameint styresmakt |
Opphav | Historisk |
Region | Aust-Midlands |
Areal | 382 km² |
Demografi | |
Folketal - Totalt (2008) - Folketettleik |
39 200 102,6 /km² |
Etnisitet | 98,1 % kvite |
Distrikt | |
ingen |
Frå nord til sør er det berre 18 km langt og får vest til aust berre 17 km breitt. Det er den minste sameinte styresmakta i England ut frå folketal og berre City of London har mindre areal. Det er òg det minste historiske grevskapet i England, som har gjeve det mottoet Multum In Parvo eller «mykje i lite».[1] Av dei moderne seremonielle grevskapa er Isle of Wight, City of London og City of Bristol mindre.
Dei einaste byane i Rutland er Oakham, som er administrasjonsstad, og Uppingham. Midt i grevskapet ligg det store vassreservoaret Rutland Water. Dette ere it viktig naturreservat for overvintrande fuglevilt og hekkestad for fiskeørn.
Dei eldste hyttene i Rutland er bygd av kalkstein eller jernmalm og mange har tak av Collywestonskifer eller takhalm.
Bakgrunnsstoff endre
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Rutland» frå Wikipedia på engelsk, den 28. november 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ C Wilfrid Scott-Giles, Civic Heraldry of England and Wales, 2nd edition, London, 1953