Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella

fergesamband i Vestland
(Omdirigert frå Rutledal-Rysjedalsvika)

Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella er eit ferjesamband som kryssar Sognefjorden mellom Rysjedalsvika i Hyllestad kommune, Rutledal i Gulen kommune og Krakhella i Solund kommune og i Sogn og Fjordane. Etter førehandstinging går ferja også innom øya Losna i Solund.

Ferjekaien i Rutledal
Foto: Bjarne Thune
Ferje i rutea
Foto: Bjarne Thune

Ferjesambandet høyrer til to ulike vegar. Fylkesveg 57 kryssar Sognefjorden med strekninga Rysjedalsvika-Rutledal, medan fylkesveg 606 kryssar fjorden med strekninga Rutledal-Krakhella.

Sambandet vert drive av Fjord1 med ferja MF «Losna». Frå 2010 til 2016 var sambandet trafikert av MF «Nordfjord».

Bakgrunnsstoff endre