Rudolf Jozef Krol (fødd 24. mars 1949), best kjend som Ruud Krol, frå Amsterdam i Nederland er ein tidlegare fotballspelar og noverande fotballtrenar. Han vann Europacupen tre gongar med Ajax og fekk VM-sølv med Nederland i 1974 og 1978. Mellom 1969 og 1983 aksla han Nederlands landslagsstøyre 83 gongar.

Ruud Krol
Ruud Krol med Nederland i 1974
Personleg informasjon
Fullt namn Rudolf Jozef Krol
Fødselsdato 24. mars 1949 (75 år)
Fødestad Amsterdam i Nederland
Høgd 184 cm
Posisjon Venstreback, Sweeper
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1968-1980 Ajax 339 (23)
1980 Vancouver Whitecaps 14 (0)
1980-1984 Napoli 107 (1)
1984-1986 Cannes 63 (0)
Totalt 523 (24)
Landslag
1969-1983 Nederland 83 (4)
Trenar for
1989-1990 Mechelen
1990 Servette
1991-1993 Nederland U-21 (assistenttrenar)
1994-1995 Egypt U-23
1997-1998 SC Zamalek
1999 Al Wahda
1999-2001 Nederland (assistenttrenar)
2002-2005 Ajax (assistenttrenar)
2006-2007 Ajaccio
2007-2008 Zamalek
2008-2011 Orlando Pirates
2012-13 CS Sfaxien
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Karriere endre

Klubbspel endre

Krol debuterte for Ajax i 1968 under den legendariske trenaren Rinus Michels. Han spelte venstreback på det laget som nådde finalen i Europacupen for serievinnarar i 1969, men spelte ikkje finalen grunna beinbrot. Derimot var han med på å vinne Europacupen med Ajax tre år i rad, 1971 til 1973. Medan fleire av lagkameratane, som Johan Cruijff og Johan Neeskens, forlet Ajax, spelte Krol for klubben fram til januar 1980. Han flytta då til Canada for å spele i 'Vancouver Whitecaps' i den nord-amerikanske fotballigaen. Etter ein sesong i Vancouver flytta han tilbake til Europa og spelte fire sesongar for den italienske toppklubben Napoli. Frå 1984 til han la opp i 1986 spelte Krol for franske Cannes.

Landslagspel endre

 
Ruud Krol under VM i 1974, i kampen mot DDR

Krol debuterte for Nederlands fotballandslag mot England 1969. Han var gjennom 1970-talet ei viktig brikke i den nederlandske totalfotballen. Han hadde stor fart og ein god pasningsfot, med få unnatak spelte han i forsvaret. Under verdsmeisterskapen i fotball 1974 i Vest-Tyskland spelte Krol venstreback. Nederland tapte då VM-finalen i München med 1-2 mot Vest-Tyskland.

Ved verdsmeisterskapen i fotball 1978 i Argentina hadde Krol plass i midtforsvaret. Han spelte då i ein liberoposisjon og var lagkaptein. Som i 1974 gjorde Krol ei god turnering, men kunne ikkje hindre Nederland på ny tapte sin andre rake VM-finalen, då med 1–3 mot vertsnasjonen Argentina.

Krol var også lagkaptein for Nederland under EM 1980, laget rauk då ut i gruppespelet. Dei nederlandske landslaga heldt ikkje same kvalitet tidleg i 1980-åra som tidlegare. Nederland mislukkast å kvalifisere seg til VM 1982. Krol spelte sin 83. og siste landskamp i 1983, då laget tapte 0-1 for Spania i ein kvalifiseringskamp til europameisterskapen 1984. Med sine 83 landskampar hadde han spelt fleire kampar for Nederland enn nokon anna spelar. Først under EM 2000 vart han overgått, då Aron Winter sin 84. landskamp.

Trenar endre

Krol har vore landslagssjef for Egypt og assisterande langslagstrenar for Nederland under Louis van Gaal. Sidan 2008 har han vore trenar for Orlando Pirates i USA.

Meistertitlar og medaljar som spelar endre

  • Seks gongar nederlandsk seriemeister med Ajax Amsterdam: 1970, 1972, 1973, 1977, 1979, 1980
  • Fire gongar nederlandsk cupmeister med Ajax Amsterdam: 1970, 1971, 1972, 1979
  • Tre gongar vinnar av Europacupen med Ajax Amsterdam: 1971, 1972, 1973
  • VM-sølv med Nederland: 1974 og 1978
  • EM-bronse med Nederland i 1976

Kjelder endre