Ryan Brathwaite (fødd 6. juni 1988) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Bridgetown i Barbados som vart verdsmeister på 110 meter hekk i 2009.

Ryan Brathwaite


Statsborgarskap Barbados
Fødd 6. juni 1988 (35 år)
Bridgetown
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008

Aktiv endre

Brathwaite tok seg til semifinalane på 110 meter hekk både i Friidretts-VM 2007 i Osaka og under Sommar-OL 2008 i Beijing, i begge høva var han sjanselaus på å ta seg til finale.

Dayron Robles, storfavoritten på korthekken under VM 2009 i Berlin, skada seg i semifinaleløpet. Dermed gjekk største favorittstemelet over på Terrence Tremmell, men i finalen sprang Brathwaite sitt livs beste hekkeløp og vann på tida 13,14, barbadisk rekord i øvinga: Han var ein liten hundredel av eit sekund framom sølvvinnar Terrence Trammell og bronsevinnar David Payne, begge dei to amerikanarane fekk 13,15 i sluttid. Ein månad etter verdsmeisterskapen vann Brathwaite korthekken i IAAF-finalen i Thessaloniki på 13,16 sekundar.

Brathwaite vart femtemann på 110 meter hekk i VM 2013. Sidan var han plaga av skadar og la opp i 2016.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre