Sápmi Pride er ein årleg pridefestival med samisk fokus. Festivalen har som mål å fremme rettar, likestilling og kultur til seksuelle minoritetar og kjønnsminoritetar.[1] Festivalen har også mål om å skape ein permanent fysisk stad der regnbogesamar kan treffe kvarandre.

Sápmi Pride

Skipa2014
StadUlike stadar i Sápmi Flagget til Sameland
Frå ein opptreden med Maxida Märak under Sápmi Pride i 2015.

Om festivalen endre

Festivalen omfattar bl.a. konsertar, klubbar, seminar og ein prideparade.

Historie endre

Historia til Sápmi Pride går tilbake til 16. oktober 2014, då den fyrste festivalen vart arrangert i Kiruna på svensk side av Sápmi. Festivalen har vorte arrangert kvart år sidan 2014, bortsett frå 2020, då festivalen vart avlyst på grunn av koronapandemien.

Vertsbyar endre

År Land By
2014   Sverige Kiruna
2015   Noreg Karasjok
2016   Noreg Kautokeino
2017   Finland Enare
2018   Sverige Östersund
2019   Noreg Trondheim
2020 Avlyst på grunn av koronapandemien
2021   Finland Utsjok
2022   Sverige Jokkmokk
2023   Finland Hetta[2]
2024   Noreg Bodø[3][4]

Kjelder endre

  1. Bruun-Solbakk, Dávvet (13. juni 2019). «Sápmi Pride og skeiv samisk organisering». Senter for tverrfaglig kjønnsforskning (på norsk). Universitetet i Oslo. Henta 12. april 2022. 
  2. Suoninen, Inger-Elle (8. mars 2023). «Sápmi Pride ordnejuvvo dán jagi Heahtás». Yle Sápmi (på nordsamisk). Henta 9. mars 2023. 
  3. «Sápmi Pride 2024 lágiduvvo Budejjus!». Garmeres (på nordsamisk). 12. mars 2024. Henta 21. mars 2024. 
  4. Valta, Laura (21. mars 2024). «Sadat juhlivat Arctic Prideä pohjoisessa – Eleonora Alariesto pukeutuu barbiegáktiin». Yle (på finsk). Henta 21. mars 2024. 

Bakgrunnsstoff endre