Sæbø kyrkje står i grenda Sæbø i Alver kommune i Vestland fylke, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1884. Ho er teikna av byggmeister Karl Askeland.

Sæbø kyrkje
kyrkje
Foto: B Ystebo
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Alver
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Nordhordland
Sokn Radøy
Fellesråd Radøy
Type Langkyrkje
Arkitekt Karl Askeland[1]
Material Tre
Innvigd 20. mai 1884[1]
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 400 [2]
Kart
Sæbø kyrkje
60°36′45″N 5°09′10″E / 60.6124°N 5.1529°E / 60.6124; 5.1529
Wikimedia Commons: Sæbø kirke
Sæbø kyrkje is located in Hordaland
Plasseringa til Sæbø kyrkje

Den noverande kyrkja er den tredje ein kjenner til på Sæbø. Den fyrste er nemnd i kjeldene i 1329. Ein trur at dette var ei stavkyrkje. Mellomalderkyrkja vart avløyst av ei tømra kyrkje i 1634. Ho fekk stå til like før den noverande kyrkja vart innvigd i 1884.

Sæbø kyrkje høyrer til Radøy sokn i Nordhordland prosti.

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 «Norges Kirker: «Sæbø kirke» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforskning».  Vitja 29. mars 2009
  2. Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Sæbø kyrkje», s. 370

Bakgrunnsstoff endre