Søm kyrkje
Søm kyrkje er ei arbeidskyrkje i Kristiansand kommune i Agder.
Søm kyrkje | |||
Søm kirke | |||
Søm kyrkje
Foto: CarstenR | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Agder | ||
Kommune | Kristiansand | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Agder og Telemark | ||
Prosti | Kristiansand domprosti | ||
Sokn | Randesund | ||
Fellesråd | Kristiansand | ||
Type | Arbeidskyrkje | ||
Arkitekt | Arild Lauvland og Arne Åmland | ||
Material | Teglstein | ||
Innvigd | 28. november 2004 | ||
Kyrkjegard | Nei | ||
Preikestol | Av metall | ||
Døypefont | Av granitt, laga av Kjell Nupen | ||
Altartavle | Biletfrise (glasmåleri) av Kjell Nupen, som òg står for altaret, av granitt | ||
Orgel | Bruno Christensen, 2005[1] | ||
Sitjeplassar | 400-650[2] | ||
Søm kyrkje 58°09′04″N 8°04′33″E / 58.151238888889°N 8.0759472222222°E | |||
Wikimedia Commons: Søm kirke |
Arkitektane Arild Lauvland og Arne Åland har samarbeidd tett med kunstnaren Kjell Nupen, som har laga glasmåleri til kyrkja. Prosjektet er kalla «Frå mørkre til lys». Som altartavle fungerer ei 1,8 meter brei biletfrise som strekker seg opp i taket og heilt bak i kyrkjesalen. Til saman har kyrkja om lag 80 kvadratmeter med glaskunst.
Kyrkjesalen kan koplast saman med kyrkjetorget utanfor, og bygningskomplekset husar òg ei lita kyrkjestove, eit kapell, aktivitetsrom, kontor mm. I kyrkjestova er ein biletvev laga av Else Marie Jakobsen.
Det er ikkje kyrkjegard på staden. Ein nyttar kyrkjegarden ved Randesund kyrkje.
Kjelder
endre- Dahle, Einar og Havran, Jiri (2008). Kirker i Norge, bind 6: Modernismen. 1900-tallet. Oslo: ARFO. s. 278-281. ISBN 978-82-91399-12-6.
- Randesund kyrkjelyd Arkivert 2014-02-01 ved Wayback Machine.
Bakgrunnsstoff
endre- Pål Repstad og Elise Seip Tønnessen, red. (2013). «Søm kirke, Kristiansand». Hellige hus. Oslo: Cappelen Damm akademisk. s. 71–75. ISBN 978-82-7634-984-9.
- «Søm kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
Fotnotar
endre- ↑ Sjå spesifikasjonar.
- ↑ Randesund kyrkjelyd.