Søre Dyrhaugstinden
(Omdirigert frå Søre Dyrhaugstind)
61°27′17.456″N 7°50′36.787″E / 61.45484889°N 7.84355194°E
Søre Dyrhaugstinden | |||
fjell | |||
Søre Dyrhaugstinden sett frå Skagastølsbreen.
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Område | Luster, Årdal (Vestland) | ||
Fjellområde | Hurrungane, Jotunheimen | ||
Høgd | 2 072 moh. | ||
Primærfaktor | 60 m | ||
Førstestiging | 2. august 1886 (Carl Christian Hall og Mattias Soggemoen) | ||
Søre Dyrhaugstinden 61°27′17″N 7°50′36″E / 61.4548°N 7.8434°E |
Søre Dyrhaugstinden er ein av Dyrhaugstindane, som ligg i fjellområdet Hurrungane i den sørvestlege delen av Jotunheimen.
Sett frå Skagastølsbreen og Bandet er Søre Dyrhaugstind ein markert og bratt tind med mange klatreruter. Søre Dyrhaugstind frå Bandet er ei klassisk turrute først klatra av Charles W. Patchell, John Simpson og Johannes Vigdal i 1895. I 1936 klatra Arne Næss og Erik Holter nordaustegga frå Skagastølsbreen. Ruta vart ståande som den vanskelegaste i Hurrungane i mange tiår.