Søren Anton Wilhelm Sørenssen
Søren Anton Wilhelm Sørenssen (22. august 1793–28. juni 1853) var ein norsk embetsmann og politikar. Han var statsråd 1848–53.
Søren Anton Wilhelm Sørenssen | |||
| |||
Fødd | 22. august 1793 Strømsø | ||
---|---|---|---|
Død | 28. juni 1853 (59 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar, advokat | ||
Far | Christian Sørenssen | ||
Alle verv |
|
Sørenssen var fødd i Drammen, der far hans, Christian Sørenssen, då var prest og lærar. Han vart student ved Københavns universitet i 1812, tok juridisk embetseksamen ved universitetet i Kristiania i 1816 som den einaste kandidaten det året. Fullmektig i statssekretariatet 1817, og stiftoverrettsprokurator i Kristiania frå 1819. 1822–39 var han høgsterettsadvokat i hovudstaden, der han vart kjend for sine talegåver. I 1827 førte han aktoratet i riksrettssaka mot statsråd Jonas Collett.
Sørenssen representerte Christiania på alle Storting mellom 1830 og 1845. I 1830 og 1833 var han president i Odelstinget. Frå 1833 var han president i Stortinget. Han var formann i protokollkomiteen på alle storting frå 1833 til 1845. 1839 var han i tillegg formann i komiteen om lovkommisjonen, 1842 formann i fullmaktskomiteen og 1845 formann i valkomiteen.
Juli månad 1836 leia Sørenssen forhandlingane i Stortinget etter den brå oppløysinga av tinget. Under den påfylgjande riksrettssaka mot statsminister Severin Løvenskiold vart han, som ni år tidlegare, vald til å føre aktoratet.
Sørenssen var med i fleire statlege kommisjonar, så som om sjøvæpninga (1833), ansvarligheitsloven (1839) og om religionsfridomen (1841).
I 1839 vart Sørenssen sorenskrivar i Aker. 19. april 1848 vart han utnemnd til statsråd som sjef for Justisdepartementet. Justisminister 1848-50 og 1851-53, nokre månader i 1850 var han kyrkjeminister.
Han døydde i Kristiania under ein koleraepidemi. Sørenssen skal ha vore det fyrste dødsofferet i epidemien.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Søren Anton Wilhelm Sørenssen NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv