Søren Thorne

norsk politikar og prest

Søren Wilhelm Thorne (29. mai 180417. april 1878) var ein norsk prest og stortingsmann. Han var yngre bror av Johan Frederik Thorne.

Søren Thorne

Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. mai 1804
Drammen kommune
Død

17. april 1878 (73 år)
Kongsberg kommune

Yrke prest, politikar
Språk norsk
Verv Sokneprest i Leikanger
Periode 1840-1848
Føregangar Peter Johan Norman
Etterfylgjar Johan David Haslund
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja

Thorne var fødd i Drammen, der far hans var kjøpmann. Søren gjekk ut frå Drammens skole i i 1823, og vart uteksaminert cand. theol. frå universitetet i hovudstaden i 1829. Han var to år timelærar ved skulen i Drammen der han tidlegare var elev. Deretter sokneprest i Håland prestegjeld i dagens Rogaland frå 1831. 1840-1848 var han sokneprest i Leikanger i Sogn. Sidan 1848 sokneprest på Kongsberg i 29 år. På Kongsberg var han forlikskommissær og medlem av bystyret. I sistnemnde verv arbeidde han for forbetringar i skulestellet.

Thorne reprensenterte Kongsberg på Stortinget på alle fire stortinga frå 1854 til 1859-60. Han var på alle tingsamlingane medlem av ein av dei to næringskomiteane. På dei tre siste stortinga sat han også i Lagtinget.

Han døydde på Kongsberg.

Kjelder endre

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914, Kristiania 1914