Suleymanie-moskéen

(Omdirigert frå Süleymaniyemoskeen)

Süleymaniyemoskéen (tyrkisk Süleymaniye Camii) er ein moské i Istanbul som blei oppført i tidsrommet 1550–1557 etter teikningar av den osmanske arkitekten Mimar Sinan på ordre frå sultan Suleiman I. Han er eit landemerke for byen og eit kjend turistmål, med utsyn over Det gylne hornet. Han var den største moskéen i Istanbul i 429 år, fram til Çamlıca-moskéen opna i 2019.

Suleymanie-moskéen
Istanbul asv2020-02 img49 Süleymaniye Mosque.jpg
ArkitektMimar Sinan
Stilosmansk arkitektur

Süleymaniyemoskéen
41° N 29° E

Suleiman I byrja bygginga av moskéen i 1550. Han anla ein rommeleg plass nord for det gamle seraiet, og stilte fleire gamle kyrkjer og ulike antikke materialar til disposisjon for byggherren.[1] Føregarden var rikt utsmykka, spesielt av ein praktfull persisk portal i hovudkasen til moskéen ved den fjerde fløya hans. Ved hjørnene til føregarden stig dei fire minaretane opp. Hovudbygningen har tre skip og er krona av ein veldig kuppel halde oppe av fire kvadratiske pålar. Kuppelen er fem meter høgare enn den på Hagia Sofia.[1]

Alle vegger og søyler inne i moskeen er dekte med spraglete marmor, og veggen med mihraben er utsmykka med persisea fajansefliser. Dei ni vindauge på denne veggen blei måla av den mest kjende glasmålaren på den tida, Serkosh Ibrahim.[1]

Bakom qiblaveggen i moskeen ligg dei to oktagonale mausolea til Suleiman den store og kona hans Hurrem Sultan (Roxelana).

GalleriEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Hildebrand, Hans; Hjärne, Harald; Pflugk-Harttung, Julius von, «250 (Världshistoria / Orienten)», runeberg.org (på svensk), henta 19. august 2021 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Suleymanie-moskéen