Den sørasiatiske regionale samarbeidsorganisasjonen

(Omdirigert frå SAARC)

Den sørasiatiske regionale samarbeidsorganisasjonen (SAARC: South Asian Association for Regional Cooperation) er ein internasjonal organisasjon for Sør-Asia stifta i 1985. Samarbeidsorganisasjonen arbeider for å auka samhandel mellom medlemslanda og styrka den økonomiske utviklinga i regionen. Hovudsetet ligg i Katmandu i Nepal.

Den sørasiatiske regionale samarbeidsorganisasjonen
Skipa8. desember 1985
HovudkontorKatmandu
VerkeområdeSør-Asia
Tilsette61 (2022) Sjå dette på Wikidata
Medlemmer8
MottoDeeper Integration for Peace and Prosperity
Nettstadhttps://saarc-sec.org Sjå dette på Wikidata
SAARC-sekretariatet i Katmandu.
Kart over SAARC-status. Medlemsland er avmerkte i mørkeblått og observatørar i blått.

Den sørasiatiske regionale samarbeidsorganisasjonen blei grunnlagd av sju land i 1985, med det første møtet halde i Dhaka i Bangladesh den 8. desember same året. I 2005 blei Afghanistan med i organisasjonen, som dermed har åtte medlemsland.

Generalsekretær i organisasjonen er Arjun Bahadur Thapa frå Nepal (sidan 2014).

Medlemmer

endre

Observatørar er Kina, EU, USA, Iran, Sør-Korea og Japan.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre