Sa'ir
Sa'ir (arabisk سعير, òg skrive Saeer)[1] er ein palestinsk by i Hebron guvernement sør på Vestbreidda, 8 km nordaust for Hebron. I nærleiken ligg Beit Fajjar og al-Arroub i nord, Beit Ummar i nordvest, Halhul i vest og Beit Einun og ash-Shuyukh i sør. Daudehavet ligg like aust for kommunegrensa til Sa'ir.[2] I 2007 hadde byen i følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå eit folketal på over 18 045.[3]
Sa'ir | |||
سعير, Sa'eer, Saiour | |||
kommune | |||
Namneopphav: Liten | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Hebron guvernement | ||
Koordinatar | 31°35′04″N 35°08′43″E / 31.58444°N 35.14528°E | ||
Areal | 117,0 km² | ||
Folketal | 18 045 (2007) | ||
Folketettleik | 154 / km² | ||
Borgarmeister | Hakim Shlalda | ||
Sa'ir 31°35′04″N 35°08′43″E / 31.584444444444°N 35.145277777778°E | |||
Kart som viser Sa'ir.
|
Historie
endreUnder Romarriket vart byen kalla Sior, som kjem frå det arameiske ordet sar eller «høgd»[2] Det er gjort funn av bysantinsk keramikk.[4] Palestine Exploration Fund skreiv i Survey of Western Palestine (SWP) at: «Grava til El 'Ais (Esau), sør for landsbyen, ere it kammer som er 37x20 fot, med ein Mihrab på sørveggen. Det er hengd opp eit strutse-egg i nærleiken. Det ligg òg gravholer sørvest for denne staden.»[5]
Osmansk tid
endreI 1596 stod Sa'ir oppført i osmanske skattelister som ein del av Halil nahiya i Quds Liwa. Han hadde ein heilt muslimsk folkesetnad på 72 hushaldningar. Skattar vart betalte for kveite, bygg, sommaravlingar, oliventre, geiter og/eller bikubar.[6]
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1860-åra, og estimerte at han hadde kring 400 innbyggjarar.[7] SWP skildra Sa'ir i 1883 som «ein mellomstor landsby, i ein dal omgjeve av oppdyrka mark.» Dei lokal muslimane meinte at ein maqam («grava til ein heilag person») i Sa'ir var grava til Esau, som dei kalla «Aisa.» SWP meinte at dette var feil og at grava til Esau var på det bibelske fjellet Seir.[8][9][10]
Det britiske mandatet era
endreI folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Sa'ir eit folketal på 1 477, alle muslimar.[11] I folketeljinga i 1931 var folketalet i Si'ir 1 967, framleis berre muslimar, i 388 busette hus.[12] I 1945 var folketalet i Si'ir 2 710, alle arabarar, som eigde 92 423 mål land i følgje ei offisiell landmåling.[13] 2 483 mål var plantasjar og irrigert land, 10 671 for korn,[14] medan 76 mål var utbygd (urbant) land.[15]
Etter 1948
endreEtter den arabisk-israelske krigen i 1948, og etter våpenkvileavtalen i 1949, Sa'ir under Jordan sitt styre.
Etter Osloavtalen i 1993 hamna Sa'ir i «Område B» som gav Den palestinske sjølvstyresmakta (PNA) kontroll over sivile saker i byen, medan Israel heldt kontroll over tryggleiken.
Kjelder
endre- ↑ Palmer, 1881, s. 408
- ↑ 2,0 2,1 Sa'ir Town Profile. Applied Research Institute-Jerusalem. 2008. Henta 2012-03-12.
- ↑ 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.118.
- ↑ Dauphin, 1998, s. 936
- ↑ Conder og Kitchener, 1883, s. 379.
- ↑ Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 122.
- ↑ Guérin, 1869, s. 150
- ↑ Conder og Kitchener, 1883, s. 309.
- ↑ Conder, 1881, s. 215-6 in PEFQS
- ↑ Conder, 1889, s. 123-4 in PEFQS
- ↑ Barron, 1923, Table V, Subdistrict of Hebron, s. 10
- ↑ Mills, 1932, s. 33
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 50
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 94
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 144
- Denne artikkelen bygger på «Sa'ir» frå Wikipedia på engelsk, den 28. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Barron, J. B., red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, Herbert H. (1883). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 3. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Dauphin, Claudine (1998). La Palestine byzantine, Peuplement et Populations. BAR International Series 726 (på fransk). III : Catalogue. Oxford: Archeopress.
- Guérin, Victor (1869). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine (på fransk). 1: Judee, pt. 3. Paris: L'Imprimerie Nationale. s. 150-1
- Hadawi, Sami (1970), Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine, Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. ISBN 3-920405-41-2.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palestine Exploration Fund (1881). Quarterly Statement. Published at the Fund's Office.
- Palestine Exploration Fund (1889). Quarterly Statement. Published at the Fund's Office.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Socin, A. (1879). «Alphabetisches Verzeichniss von Ortschaften des Paschalik Jerusalem». Zeitschrift des Deutschen Palästina-Vereins 2: 135–163.