Sagunto

(Omdirigert frå Saguntum)

Sagunto (valenciansk Sagunt; latinsk Saguntum), tidlegare Murviedro (valenciansk Morvedre), er ein gammal by aust i Spania i distriktet Camp de Morvedre i provinsen Valencia. Han ligg i åsane 30 km nord for byen Valencia, nær Costa del Azahar ved Middelhavet.

Sagunto
Byen sett frå borga
Byen sett frå borga
Byen sett frå borga
Flagget til Sagunto Byvåpenet til Sagunto
Flagget til Sagunto Byvåpenet til Sagunto


Plassering
Sagunto is located in
Styresmakter
Land  Spania
Autonom region Valencia
Provins Valencia
Grunnlagd 219 fvt.
Borgarmeister Alfredo Castelló Sáez
Geografi
Flatevidd
 - By

132 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

65 821
  498,6 /km²
Koordinatar 39°40′N 0°16′W / 39.667°N 0.267°W / 39.667; -0.267
Høgd over havet 49 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 46500, 46520, 46529
Nettstad: www.sagunto.es

Historie endre

400-talet fvt. bygde keltiberarane ein innmura busetnad i åsane over ei slette. Det finst spor etter tempelet i byen i dag, nær den moderne kyrkja Santa Maria. Byen handla med greske og fønikiske koloniar og under deira påverknad prega dei sine eigne myntar. I denne perioden vart byen kalla Arse (Ripollès i Alegre 2002). I 219 fvt. var Saguntum ein stor og velståande by som støtta dei greske kolonistane og Roma i krigen mot Kartago. Hannibal gjorde derfor det første åtaket sitt mot byen, omleiringa av Saguntum, som opna den andre punarkrigen. Etter hard motstand vart byen erobra i 219 fvt.

Seinare vart byen ombygd og blømde som ein municipium. Dette varte så lenge Romarriket eksisterte, noko ein kan sjå på dei mange inskripsjonane og ruinane frå denne tida (mellom anna teater øydelagd av marskalken til Napleon, Louis Gabriel Suchet, som òg øydela det romerske Herculestårnet). Då vestgotarane tok over vart han eit bispesete.

Tidleg på 700-talet kom dei muslimske arabarane til byen og han vart ein del av kalifatet Cordoba og oppnådde ein ny gullalder med bad, palass, moskear og skular. Byen vart då kalla Morvedre (Morviedro på spansk). Etter kvart som Valencia voks, vart Saguntum mindre viktig.

I 1098 vart byen erobra av El Cid, men muslimane tok han attende like etter. Byen hadde vore under muslimsk styre i over fem hundre år då Jakob I av Aragon erobra han i 1238.

Saguntum vart hardt råka av krigar, men framleis står mange gotiske strukturar att. Seint på 1800-talet voks stålindustrien fram og byen vart omvandla til ein moderne by.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sagunto

Kjelder endre